STIL sitt verdigrunnlag
I Sandane Turn- og Idrettslag (STIL) står verdiarbeidet sentralt. Det skal vere trygt å drive idrett hos oss, og alle skal oppleve idrettsarenaen som ein trygg, positiv og inkluderande plass å vere. Difor skal vi ha eit bevisst forhold til verdiane våre og til korleis vi ønskjer at medlemmane skal opptre overfor kvarandre.
Vi skal vere tydelege på kva vi står for, og ha ei felles og klart formulert forventning til kva som er ønskjeleg åtferd og gode haldningar. STIL har nulltoleranse for alle former for diskriminering og trakassering.
Verdiane våre:
- Idrettsglede for alle – Idrett skal vere moro og til glede for både utøvarar, trenarar, styremedlemmar og føresette.
- Idrett for alle – Alle skal oppleve seg velkomne og inkluderte i STIL.
- Likeverd – Alle som er med i STIL er like mykje verd.
Desse verdiane er ikkje berre ord – dei skal kome til uttrykk i praksis: i haldningane våre, i måten vi snakkar til kvarandre på, og i korleis vi inkluderer, heiar og støttar – både på og utanfor idrettsarenaen. Saman legg vi grunnlaget for trygge, opne og meiningsfulle aktivitetar som skapar meistring og fellesskap.
Verdiane våre skal hjelpe oss til å:
- Skape eit godt miljø der vi tek vare på kvarandre.
- Utvikle haldningar som bidreg til eit godt og inkluderande treningsklima.
- Vere eit idrettslag kjent for godt samarbeid og god oppførsel.
- Stå fram slik idrettslaget ønskjer i alle samanhengar.
- Gjere oss tydelege og synlege – vise fram det som gjer oss unike og byggjer identiteten vår.
I STIL ønskjer vi å skape eit miljø der alle kjenner seg velkomne, verdsette og trygge – uansett alder, bakgrunn eller føresetnader. For oss handlar det ikkje berre om å snakke om verdiane våre – men om å gjere dei levande gjennom konkrete val og tiltak i kvardagen.
Vi ønskjer ein kultur der barn, unge og vaksne opplever meistring og fellesskap – uavhengig av ambisjonsnivå. Vi er tydelege på kva vi står for, og kva vi forventar av kvarandre. Det handlar om å møtast med respekt, vere raus og vere bevisste på korleis vi påverkar dei rundt oss.
STIL jobbar for ein trygg og god klubbkultur gjennom:
- Nulltoleranse for diskriminering, mobbing og trakassering.
- Tydelige rutinar for varsling og handtering av uønskte hendingar
- Førebyggjande arbeid med fokus på tryggleik, inkludering og fellesskap.























