[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett
Custom image

Trygg på trening er med på å sikre at idretten utviklar seg til å bli ein tryggare arena for alle barn og unge. Vi ønskjer å skape eit tryggare miljø ved at trenarar og frivillige får meir kunnskap og handlingskompetanse om seksuelle overgrep mot barn og unge. Vi i STIL tek ansvar for å auke bevisstheita om viktige grenser, skape ein kultur der det er trygt å seie ifrå og utvikle gode rutinar.

Veit du kva du skal gjere dersom du mistenkjer at eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep? Veit du kva du skal gjere dersom eit barn opnar seg for deg og ber om hjelp? Kva kan vi som lag gjere for å sikre at barn kjenner seg trygge på trening?

Trygg på trenin-kurset gir trenarar og vaksne kompetanse om kva seksuelle overgrep er, kva ein skal gjere dersom ein er bekymra for eit barn, og korleis ein kan førebyggje overgrep i eige idrettslag. I kurset drøftar vi ulike dilemma, og laget sit att med eit ferdig planverk beståande av ein beredskapsplan, etiske retningslinjer og ein enkel handlingsplan med tre konkrete tiltak.

Trygg på trening – foredrag

Foredrag med Trond frå Nok. Bergen om omfang i samfunnsperspektiv og idretten, dilemmakort, bildedeling, samtaleteknikk, risikosituasjonar, rettleiing og handtering, og bruk av MittVarsel.

Trygg på trening med Redd Barna

Idrettsforbundet har bidrege i utviklinga av kurset Trygg på trening med Redd Barna, som idrettslaga kan gjennomføre i eigen organisasjon.

Kurset består av fire hovuddelar:

  1. Snakk saman om kva de allereie gjer som skapar tryggleik. Kva gjer STIL for at barn og unge skal kjenne seg trygge?
  2. Sjå opplæringsfilmen og bli kjend med handboka.
  3. Reflekter rundt ulike dilemma og diskuter løysingar basert på det de har lært i filmen og handboka sine verktøy.
  4. Bli samde om tre konkrete tiltak som STIL skal gjennomføre for å sikre at barn er trygge på trening.

Dilemmaoppgåvene er generelle for idretten, men nokre særforbund har utvikla idrettsspesifikke versjonar. Du finn oversikt over desse særforbunda og meir informasjon om kurset på nettsida deira.

Dersom gruppa dykkar ønsker å ta dette kurset, ta kontakt med det aktuelle særforbundet.

E-kurs

Norges idrettsforbund (NIF) har i samarbeid med Redd Barna laga eit e-læringskurs: Trygg på trening (NIF). Du finn kurset på NIF si e-læringsplattform: Kurs: Trygg på trening (NIF) | NIF e-læring

Fleire særforbund tilbyr også e-kurs i samarbeid med Redd Barna. Søk etter "Trygg på trening" på: Kurssøk – Min idrett for å finne tilgjengelege kurs.

Custom image