[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

For å kunne delta på treningar, kampar og turneringar må både treningsavgift og medlemskontingent vere betalt innan forfall. Spelarar som ikkje har betalt sine avgifter, vil ikkje vere speleberettiga.  

Sandane Fotball ønskjer at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i fotballaktivitet, uavhengig av økonomisk situasjon. Klubben tilbyr difor støtte til heil eller delvis dekning av treningsavgifta for familiar som har behov for dette. Søknadsskjema og meir informasjon finn ein her

Fotballgruppa meiner likevel at dei foreslegne satsane framleis vil ligge på eit moderat nivå samanlikna med mange andre klubbar. 

Treningsavgifter i STIL fotball

Vedteke av årsmøtet i STIL fotball 2026

Alder Treningsavgift 2026
6-9 årkr. 750
10 årkr. 1000
11-12 årkr. 1550
13-14 årkr. 1750
15-16 årkr. 2200
Seniorlagkr. 3300
Sandane 2/3kr. 2200

Presiseringar: 

  • Alder blir rekna ut frå fødselsår. 
  • Treningsavgifta for 10-åringar er høgare fordi dei deltek i seriespel med dommarutgifter.  
  • •Dersom klubben ikkje kan tilby alderstilpassa lag, og spelaren deltek på eldre lag, blir treningsavgifta fastsett ut frå spelaren sin alder.  
  • Forsikring for spelarar under 13 år er dekka av medlemsavgifta.  
  • Frå og med det året spelaren fyller 13 år, inkluderer treningsavgifta forsikring.  
  • Ved langvarig skade kan treningsavgifta reduserast, men likevel slik at den dekker pålagt forsikring.  
  • Dersom spelaren er dommar, trenar for eit lag eller har verv i klubben, kan sportsleg utval vurdere reduksjon eller bortfall av treningsavgift.  
  • Dersom ein U17 spelar (eller yngre) spelar er i troppen til A-lag per 01.03 inneverande år, skal spelaren betale treningsavgift for senior. U17 spelaren som hospiterer opp eller blir 

Treningsavgift - futsal  

Frå og med futsalsesongen 2026/2027 innfører ein ei eiga treningsavgift for futsal. Futsalsesongen går normalt i perioden frå 1. november og fram til KM Futsal sluttspel for aldersbestemt lag i februar/mars.  

Treningsavgifta vert sett til 390 kr per utøvar, og gjeld både aldersbestemte spelarar og seniorspelar som deltek i futsalaktivitet i regi av Sandane Fotball.  

Avgifta skal dekke kostnader knytt til leige av hall, forsikring, påmeldingsavgifter til futsalturneringar og overgangar i samband med futsal.  

Medlemskontigent

Alle som deltar på STIL sine treningstilbod skal vere medlemmar i Sandane Turn og Idrettslag. Medlemskontingenten vert fakturert i eigen faktura frå hovudlaget i perioden juni/august via SPOND. Innmelding skjer på heimesida til hovudlaget via knappen «Bli medlem»   

Custom image