STIL Fotball er ein stolt trafikksikker klubb! Trafikksikker klubb er eit konsept for å kvalitetssikre klubben sitt tryggleiksarbeid i høve Statens Vegvesen sin visjon om 0-drepne og 0-hardt skadde i trafikken.Å bli godkjent som Trafikksikker klubb gir ingen garanti for at ei ulukke ikkje hender, men dokumenterer på ein god måte klubben sitt arbeid innanfor trafikktrygging og gir klubben eit betre redskap til å handtere alvorlege hendingar.
For å bli godkjent som Trafikksikker klubb må ulike kriteriar vere oppfylte:- klubben må ha retningslinjer "Trafikksikker klubb", vedteke av styret og offentleggjort- følgje "god trafikkultur-klubb" på reiser- beredskapsplan (enkel retningslinjer ved alvorlege hendingar)- parkeringsvakter med vestar på større arrangement/kampar- informasjonsmøte med spelarar, leiarar, trenarar, foreldre. Informasjon til publikum på større arrangement.