[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

Sammen reddar vi liv  

 

STIL Fotball er med i prosjektet «Sammen reddar vi liv i idretten». Målet er å gjere idretten tryggare for alle. Gjennom prosjektet har vi fått hjartestartarar, varmeskap og opplæringsutstyr, samt eit opplegg for å sikre at flest mogleg i klubben veit kva dei skal gjere dersom ein alvorleg situasjon oppstår.

 

Hjartestartarar i Sandane Idrettspark

Vi har i dag to hjartestartarar tilgjengeleg:

  • Kaldhallen – plassert i varmeskap og tilgjengeleg 24/7
  • Garderobebygget – plassert på kjøkenet

Begge hjartestartarane er registrerte i Hjartestartarregisteret, slik at naudetatane raskt kan finne dei ved behov.

 

Kvifor dette er viktig

Eit hovudmål i prosjektet er at hjartestartarane ikkje berre skal henge der – dei skal kunne brukast. Difor jobbar vi aktivt med opplæring i:

  • Hjarte- og lungeredning (HLR)
  • Bruk av hjartestartar

 

Opplæring i klubben

Opplæringa er praktisk retta og skjer i stor grad i samband med vanlege treningar.

Vi har tilgang på:

  • Øvingsdukker (HLR-dukker)
  • Treningshjartestartarar
  • Digitale læringsressursar og instruksjonsvideoar

Eit typisk opplegg er at spelarane kjem i små grupper og får praktisk rettleiing i HLR og bruk av hjartestartar. Dette gjer at mange får trene på kort tid, og at opplæringa blir konkret og nyttig.

Alle spelarar frå 13 år og oppover, samt trenarar, lagleiarar og andre rundt laga, skal få tilbod om slik opplæring.

 

Bli med og bidra

For å få dette til treng vi hjelp frå foreldre og andre rundt laga.

Kvart lag blir oppmoda til å stille med ressurspersonar som kan:

  • Delta på enkel opplæring i HLR og bruk av hjartestartar
  • Vere med og gjennomføre øvingar på treningar
  • Bidra til at flest mogleg får praktisk trening

Du treng ikkje helsefagleg bakgrunn – opplæring og materiell blir stilt til disposisjon.

Dette er eit viktig dugnadsarbeid som bidreg til å gjere klubben tryggare for alle.

 

Trygge rammer i STIL Fotball

«Sammen reddar vi liv» er ein viktig del av satsinga vår på trygge rammer i klubben.

Vi ønskjer at:

  • Det skal vere trygt å drive idrett
  • Fleire skal kunne gi rask og riktig hjelp
  • Liv kan reddast dersom det verkeleg gjeld

 

Lær meir

Sjå instruksjonsfilmar og lær meir om:

  • Hjarte- og lungeredning
  • Korleis ein brukar hjartestartar

 

Varmeskåp i kaldhallen

Hjartestartaren i kaldhallen er plassert i eit utandørs varmeskap (Rotaid Solid Plus Heat), som er utvikla for bruk i krevjande klima.

Skapet har fleire viktige eigenskapar:

  • Held stabil temperatur på om lag 5 °C, også ved utetemperaturar ned mot –25 °C
  • Automatisk varmeelement som slår seg på når temperaturen fell under 5 °C
  • Solid konstruksjon i polykarbonat, godt eigna for regn, snø og kystklima
  • Ekstra beskyttelse med tett pakning og robust bakplate
  • Klassifisert med IP55 for god vern mot ver og vind
  • Låg straumbruk og enkel installasjon

For tryggleik er skapet også utstyrt med:

  • Alarm (105 dB) som blir aktivert når det blir opna
  • Enkelt opningssystem (vri lokket til venstre)
  • Feste som held lokket ope under bruk

Dette sikrar at hjartestartaren er klar til bruk – året rundt.