[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

Retningslinjer soneuttak (Landslagsskulen)

Korleis nominere?

Landslagsskulen er eit supplerande trenings,- og kamptilbod til dei spelarane med aller sterkast motivasjon for fotball og for dei spelarane med størst framtidig potensiale til å bli toppspelarar. I nomineringa må klubbane derfor prioritere spelarane i rekkefølge – nr. 1, 2, 3 osv. Vi tek ikkje imot nomineringar der spelarane ikkje er prioriterte.  

Mange trenarar og klubbar tykkjer det er vanskeleg å rangere spelarane sine, og ber difor om å få ulike kriterie på kva dei skal rangere etter. Som nevnt ovanfor er vi først og fremst ute etter dei mest motiverte, og dei med størst potensiale til å spele på høgt nivå. Landslagsskuletiltaka er ikkje breddetiltak, og passar følgjeleg ikkje for alle. 

Dette skal kjenneteikne spelaren: 

1. Spelarar som trenar mykje - Han/ho trenar mykje og spelar masse fotball, også i vintersesongen og utanom den organiserte treninga. Er svært ofte på bana/i bingen/i hallen og har eit generelt svært høgt aktivitetsnivå. Spelarar som ikkje driv fotballaktivtet utanom den organiserte treninga treng ikkje nominerast. 

2. Spelarar med stor tilstedeværelse - Han/ho er fokusert og «oppslukt» av kampen og av spelet. Han/ho viser stor grad av innleving og tilstedeværelse både i trening og kamp. 

3. Testar eigne grenser - Han/ho prøver ofte på nye ting og gir ikkje opp dersom han/ho ikkje umiddelbart mestrar nye utfordringar. Er ikkje engstelig for å møte andre gode spelarar, og oppsøker gjerne motstand aktivt. Ikkje engstelig for å gå ut av komfortsona. 

4. Har vilje/evne til å lære – dvs han/ho innhentar aktivt ny kunnskap, stiller spørsmål rundt utøvelsen av fotballspelet og reflekterer over eigen praksis. Kan raskt ta til seg ny kunnskap og ta den med seg inn i sitt eige spel. Samarbeider med trenarar og medspelarar for å utvikle seg. 

Prosess for uttak 

1. Trenarteam vurderer aktuelle spelarar og drøftar saman med sportsleg leiar. 

2. Klubben sender nominasjon til kretsen i prioritert rekkefølge (1, 2, 3 osv.). 

3. Sone-/krets-trenarar gjer den endelege vurderinga og sender ut invitasjon. 

NB! Uttak er ein dynamisk prosess – spelarar kan kome med på ulike tidspunkt. 

 

Anna: 

  • Klubbane får nominere maks 5 spelarar inkl keeper. NFF Sogn og Fjordane kan gjere avvik frå dette dersom ein finn det teneleg. Maks 5 spelarar betyr ikkje at ein må nominere 5 spelarar. Nominer dei rette spelarane.  
  • Nomineringa skal helst gjerast av ein lagsnøytral person i klubben – fortrinnsvis ein landslagsskuleansvarleg, ein spelarutviklar, sportsleg leiar el. Det er klokt å involvere lagstrenarane som kjenner spelarane best i prosessen, men nomineringa skal forankrast og godkjennast av klubben si sportslege leiing før den vert sendt NFF Sogn og Fjordane. 
  • Klubbar som ikkje nominerer spelarar kan ikkje gjera rekning med å få sine spelarar inn på tiltak seinare.  
  • Me ynskjer svært gjerne å skaffe oversikt på keeperar/keeperemne – og spesielt jentekeeperar er det tynt utval og lavt nivå på. Send oss gjerne ein eigen mail om dette dersom de har fleire keeperar eller spelarar som rullerer på å være keeper/spele ute.  
  • Bruk gjerne erfaringa til trenarar/leiarar i klubben som har vore gjennom dette med tidlegare årskull. Dei kan truleg seie noko om prosessen og vil truleg også inneha nokre referansar på nivå/tal spelarar. Vær tru mot kriteria!  
  • Ha ein god og open prosess med den sportslege leiinga i klubben og med årskullet. Informer foreldre og spelarar sakleg og opent, og bidra mest mogeleg til å fjerne uro og stress knytt til dette. Det går mange tog. Ingen dører er lukka. Fotballkretsen eig ikkje fasiten på kven som blir gode til slutt, og spesielt dei første uttaka vil aldri bli heilt presise. Dei spelarane som over tid syner dei rette eigenskapane vil som regel få sjansen på eit eller anna tidspunkt. 

 

Forventningar til spelarane 

  • Møte presis og førebudd til samlingar. 
  • Vise gode haldningar, lærevilje og respekt. 
  • Representere STIL Fotball på ein positiv måte. 

 

Forventningar til føresette 

  • Sjå på sone som ein ekstra moglegheit, ikkje som fasit på kven som er “best”. 
  • Støtte spelarane utan å legge press. 
  • Respektere at prosessen er eit samarbeid mellom klubb og krets. 

 

Nøkkeldatoar:  

ca. 16. januar: Nomineringsfrist 

ca. 24. januar: Uttak til ENIVEST Storsone 

ca. Veke 5 – 8: Tre storsonesamlingar 

ca. 24. februar: Uttak til ENIVEST Sonelag 

ca. Veke 10 – 14: 4-6 sonesamlingar 

ca. 5. april: ENIVEST-serien runde 1 (av 3) 

Sommar/haust: Ny periode og nye uttak. Turneringar på Eid og i Sogndal 

Januar året etter: Uttak kretslag