[email protected]


Logo
Bli medlem
Trygg og etisk idrett

Politiattestansvarleg

Denne personen har ansvar for å sikre at alle som har eit tillits- eller ansvarsforhold til mindreårige eller personar med utviklingshemming, viser fram gyldig politiattest.

Krav til rolla:

Rolla medfører ikkje automatisk krav om politiattest. Men politiattest skal leverast dersom rolla inneber oppgåver knytt til mindreårige eller personar med utviklingshemming.

Tilgangar:

– Politiattesttenesta

Politiattestansvarleg – vara

Styret kan også oppnemne ein vara for politiattestansvarleg. Krav og tilgangar er dei same som for hovudrolla.

Dersom politiattest skal visast for politiattestansvarleg sjølv, er det vara som skal kontrollere denne.

Når krev rolla politiattest?

Politiattest skal vurderast dersom personen:

– Er regelmessig i kontakt med utøvarar under 18 år eller personar med utviklingshemming – Har oppgåver knytt til den daglege drifta og aktivitetane i STIL, og derfor regelmessig oppheld seg rundt barn og unge – Har oppfølgingsansvar for yngre eller underordna under 18 år

Merk: Dersom det vert krav om politiattest for politiattestansvarleg/vara, kjem det ofte av at personen også har ei anna rolle (t.d. frivillig med ansvar for barn, trenar el.l.) der det naturleg ligg føre eit tillits-/ansvarsforhold.

Felles for rollene:

– Personen kan ikkje søkje sjølv om å få tildelt rolla – Det må vurderast konkret i kvart tilfelle om det er behov for politiattest