Thriller i Førde
Forfatter: Svein Kristiansen
23. mai 2022
Førde var favorittar, men Sandane sitt damelag leverte ein kanonkamp og tok alle tre poenga med seg heim til Gloppen.
Foto: Marit Mardal
Førde - Sandane 2-3 (1-1)
3. divisjon damer
0-1 Martine Kvamme (12.min)
1-1 Stine Hillersøy (42. min)
2-1 Thea Lovise Holsen (57. min)
2-2 Sara Lothe Rustøen (59. min)
2-3 Sara Lothe Rustøen (84. min)
Det har alltid vore vanskeleg å møte Førde på deira heimebane, og Sandane hadde i utgangspunktet inga lett oppgåve i mandagens møte med serieleiaren.
Sandane-trenar Jan Asle Rustøen fortel om eit svært spennande og intenst oppgjer.
Førde er eit godt lag med god midtbane og stor gjennombruddskraft, og dei spelar med stor sjølvtillit. Men vi sto svært godt i mot og spelte på vårt aller beste, melder Sandanetrenaren. Martine Kvamme skåra kampens første mål ganske tidleg i kampen, men til pause var stillinga 1-1 etter at Stine Hillersøy utlikna.
Førde tok leiinga på nytt tidleg i andre omgang, men Sandane gav svar på tiltale ganske kjapt ved Sara Lothe Rustøen.
-I denne fasen av kampen følte eg vi skapte vel så mykje som Førde. Jentene spelte med trøkk, intensitet, vann ballar og skapte sjansar, fortel Rustøen, som kunne konstatere at Sara vart matchvinnar med ei avgjerande skåring nokre minutt før full tid.
Sandane spelte ein av sine aller beste kampar, og STIL-trenaren er naturleg nok svært nøgde med elevane sine. Han fremhevar målvakt Kristina Hjelle, som spelte ein storkamp, og vil elles framheve heile laget, anført av ein god midtbanedirigent, Berit Leirgul.
Damelagets neste kamp er borte mot Eid fredag 27. mai.
Sandane sitt lag: Kristina Hjelle, Martine Kvamme, Alva Johanna Heggdal-Verlo, Katrine Bruland, Borgny Kristin Hetle, Berit Leirgule, Sofie Tilrem, Kristine Lothe Rustøen, Sara Lothe Rustøen, Karoline Hjelle, Regine Aa Sandal. Innbyttarar: Mathilde Onstad Takle, Natalie Kandal, Torine Langeteig.