eFotball: Sandanelaga vidare - møter Brann og Tjørvåg/Metizsport
Forfatter: Svein Kristiansen
07. desember 2021
Begge laga til Sandane eFotball er vidare til sluttspelet i Regionmesterskapet etter kampar i gruppespel kvar måndag dei siste tre vekene.
Av: Ingmar Sægrov.
Sandane eFotball2 leverte varene i kampane mot Øygarden og dermed er begge laga til STIL vidare til runde 2 i NM som blir spelt laurdag 8 januar 2022.
Her blir det spelt utslagsrunder der laga spelar mot kvarandre tre gonger. Beste lag av tre kampar går vidare til kvartfinale,semifinale og finale i Regionsmesterskapet Vest i starten av januar.
Det blir artige kampar for Sandane eFotball1 med Oliver Skinlo Evebø og Hallvard Bjotveit som møter SK Brann. Dette er cup og i cupen er det alltid kjekt å slå ut store lag. Kanskje Sandane slår ut SK Brann 8 januar?
Tobias Fuglestrand og Sander Rauset Skogli spelar for Sandane eFotball2 og dei møter eit sterkt lag i Tjørvåg IL / Metizsport.
Metizport er ein klubb med fokus på lokalmiljøet og lokale talenter i eSport, basert i Fosnavåg, Sunnmøre. Klubben har eigne sponsorar og ei nettside som viser mykje av aktiviteten. Her kan du lese meir om tilbodet og kven Tobias og Sander skal spele mot laurdag 8 januar.
Link: https://www.metizport.com/talent-lag/fifa-22-talent
Vi ønskjer begge laga lykke til vidare i NM i eFotball