Damefotballen går nye vegar
Forfatter: Svein Kristiansen
03. april 2022
Førsesongen 2022 har stått i samarbeidet sitt teikn for Sandane, Eid og Stryn sine damelag.
Dei tre klubbane har hatt ansvar for kvar si samling i perioden fram mot sesongstart. Søndag var det Sandane sin tur til å vere vertskap. -Fordelen med felles treningar er fleire, seier Eid-trenar Henning Haugen.
Gjennom samlingane har vi arbeidd med tre ulike fokusområder, og for oss trenarar er det svært nyttig å få sett korleis dei andre trenarane arbeider. Erfaringane frå samlinga i Stryn var svært positiv, og det var også kjekt då vi samlast på Eid. Då var vi rekordmange (30 spelarar samla), og det gjorde at det måtte bli eit anna opplegg der, seier Henning Haugen. Han seier at eit overordna mål for samarbeidet er å få opp interessa for damefotballen, og få opp kvaliteten i treningsarbeidet. Etter kvart ser han for seg at det kan bli meir samarbeid mellom klubbane.