God deltaking frå STIL Fotball
Forfatter: Gro Pleym Iversen
16. november 2024
Keepertrenar B kurs
Helga 9.-10. november arrangerte NFF Sogn og Fjordane keepertrenar B kurs på Skei. Kurset hadde spesielt fokus på keeperen som ein del av laget og korleis ein best kan integrere rolla i trening og kamp.
STIL Fotball hadde med to trenarar frå aldersbestemt gruppe; Isabell Rose Jordanger og Knut Oddvar Sundli.
Trenarane frå STIL Fotball fortel at det var eit veldig lærerikt kurs som handla mest om å sjå og bruke keeper som ein del av laget, både defensivt og offensivt. Dei fordel vidare at dei fekk tips til korleis ein kan legge opp isolerte økter, øvelsar, og kva som er viktig at keepertrenar har fokus på. Eit enkelt eksempel: Det er best å ha andre som gjer øvelsen med keeper, sånn at keepertrenar kan observere/rettleie både keeper og dei som gjer øvelsen med keeper. Eit anna tips er å filme keeperøvingar slik at det vert meir pedagogisk for keeper med tanke på eigenvurdering.
I tillegg var det sosialt, og vi fekk sjå kretskamp J14, mellom Sogn og Fjordane og Sunnmøre🤗
STIL Fotball har som mål å ha eit engasjerande og fotballfagleg godt tilbod til alle spelarar, uavhengig av nivå. Klubben er stolt over at vi har engasjerte trenarar som ønskjer fagleg påfyll!
Foto; haugenfotball.no