Kan seiersrekka halde fram?
Forfatter: Svein Kristiansen
26. mai 2018
Søndag kl 1500 tar Sandane sitt herrelag imot Balestrand til kamp i Idrettsparken. Gjestene er eit lag STIL seinast i fjor fekk trøbbel med.
Fjorårets oppgjer enda 1-1. Sandane dominerte kampen, men skåra ikkje tilstrekkeleg mål. Då dei fekk ein mann utvist nytta Balestrand sjansen til å utlikne - fem minutt på overtid.
-Det var eit forsmedeleg poengtap som eit samla mannskap sjølvsagt ønskjer å sørge for ikkje gjentar seg. Kristian Møll (raudt kort i fjor) har meldt at han for sin del kjem til å herje på venstrekanten søndag. Vi håpar og trur på ein god STIL-kamp, seier trenar Torbjørn Gran.
-Skadesituasjonen i STIL er lei, og det er klart det berører spelet vårt når 5-6 frå den normale førsteellevaren er ute. Går vi seirande ut av kampen, og det satsar vi på, vil det vere eit sterkt teikn på at det gror godt i ungdomsgruppa vår, seier Sandanetrenaren.
Skadelista til STIL ser slik ut: Ruben Elvebakk Nesdal, Petja Cink, Filip Pleym Mardal, Eirik Rauset, Jonas Denk og Sebastian Haugen.
Kampstart kl 1500 på søndag, altså. Hugs solbriller!