Kampen mot Studentspretten utsett
Forfatter: Svein Kristiansen
12. august 2021
Søndag 15. august startar damelaget opp sesongen med bortekamp mot Stryn, medan herrelaget må smøre seg med tolmod: kampen mot Studentspretten 2 er utsett.
STIL har sjølv hatt eit sterkt ønske å spele kampen som planlagt, ikkje minst fordi den skulle gå under Sandanedagane.
Studentlaget har på si side bedt om forståing for at dei ikkje kan stille lag. Studentane er ikkje på plass i Sogndal før neste veke. Studentspretten 2 har lege nede under heile koronaperioden, utan treningar og lagsapparat. Alt dette må dei bygge opp igjen frå botnen når det kjem nye studentar.
Det er ikkje bestemt ny kampdato. Etter avtale mellom klubbane skal Sandane få bestemme denne.
Første seriekamp for STIL-herrane vert dermed bortekampen mot Stryn 2 søndag 22. august kl. 15.00.