Enivest IFO
Trenarforum 2016
Forfatter: Svein Kristiansen
02. desember 2015
Fotball
STIL Fotballs trenarforum har fått nye medlemmer. Samtlege har utdanning på C-trenarnivå.
Trenerforumet har ein viktig funksjon som kontaktledd mellom trenarane i STIL og sportsleg utval/styre. Alle trenarar i STIL kan kome med innspel til trenarforumet, slik at saker kan bli drøfta undervegs i sesongen. Trenarforumet vert derfor eit supplement til dei to trenarsamlingane (før og etter sesong), der alle trenarane deltek.
STIL-trenerane sitt trenarforum for 2016 består av Trude Eimhjellen, Espen Denk, Steinar Holvik og Torbjørn Gran. Alle medlemmene har C-lisensskulering.