Sandane fekk gjev UEFA-pris
Forfatter: Svein Kristiansen
29. november 2015
Fotballpresident Yngve Hallen sto for overrekkinga då Sandane mottok bronsemedalje som UEFA Grassroot Club 2015.
(LES OGSÅ: NRK SOGN OG FJORDANE SIN OMTALE AV UEFATILDELINGA )
Sandane får utmerkinga for arbeidet som er gjort i klubben dei siste fem åra. Det vert vist til arbeidet med å bli kvalitetsklubb, anleggsutbygging, trenar- og leiarutdanning og at klubben er ein aktiv aktør i lokalsamfunnet. Fotballpresidenten sa følgande då han overrekte prisen:
-UEFA blir ofte sett på som ein organisasjon som tenker på Europa League og Champions League. Men sjølv i UEFA veit ein at all utvikling gror nedanfra. Utan frivillige som aktivt satsar på barn og unge, vil vi aldri få nokon Messi eller Ronaldo eller Hovland. Det er heilt avhengig av nokon vil bruke av si tid for å legge til rette for at barn og unge skal få eit best mogeleg tilbod.
Derfor har UEFA bestemt seg for at ein kvart år skal gje ei utmerking til nokre av breiddeklubbane. I UEFA er der 54 nasjonar. Det er tre klubbar som får utmerkinga. Og denne gangen er ein av dei ifrå Norge. Og ikkje berre frå Norge, men også frå Sogn og Fjordane.
Etter desse orda kunne leiar i NFF Sogn og Fjordane, Robert Endestad, rope fram kretsens første sertifiserte kvalitetsklubb, Sandane ved leiar Sjur Gimmestad, for å få den gjeve UEFAbronsemedaljen.
Yngve Hallen sa vidare: -Eg vil berre seie det, Sjur, at eg veit kvifor du og Sandane får denne utmerkinga. Det er pga ein svært viktig ting som eg trur er sentralt for alle klubbar i Sogn og Fjordane. Det er dette at vi skal ha ei nær tilknytning til det lokalsamfunnet som vi er ein del av. Vi ønskjer å vise at det ikkje berre er fotball som betyr noko. Vi skal gjere noko i lokalsamfunnet, vi skal skape verdiar. Det er ikkje berre tale om å skape fotballspelarar, som de også har gjort. Kapteinen på Sogndal sitt nyopprykka Tippeligalag kjem frå klubben dykkar. Det er snakk om å skape gode arbeidsvilkår og gode leiarar i klubben. I tillegg har de vore opptatt av kompetanse. Det er eit popord. Men de har tenkt på at ungdomane de har skal få eit godt tilbod. Ikkje berre eit nokolunde godt tilbod men eit best mogeleg tilbod. Gjennom dette har de dobla talet på lag i klubben på fem år. Det er imponerande, avslutta Hallen.
Robert Endestad understreka at Sandane i tillegg har vore svært gode på å bygge anlegg. -De har fått eit fantastisk anlegg oppe i Idrettsparken, med klubbhus, garderobe og ikkje minst den nye femmarhallen, som eg hadde gleda av å vere med å opne i sommar saman med Alf Hansen frå NFF, sa Robert Endestad, som oppmoda dei andre klubbane i fylket om å strekke seg etter Sandane. -Sandane har vist at det går an her i Sogn og Fjordane.