[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Tilbake i 4. divisjon

Forfatter: Svein Kristiansen

11. desember 2023

Fotball
News article image

Ny kvardag etter gode sportslege år.

Biletet: Situasjonsbilete frå innbyttar- og lagleiarbenken i 3. divisjonsoppgjeret mellom STIL og Ny-Kronborg i 1981. Frå v.: Steinar Sægrov, Geir Skaaden, Inge Ødven, Jan Ove Ødven, Sigtor Tveit (trenar), Egil Ødven (leiar i fotballgruppa) og Rolf Lothe (oppmann).

Tekst: Jan Nik. Hansen

STIL fekk til saman tre sesongar i 3. divisjon, 1980, 1981 og 1983. I 1982 henta STIL inn trenar utanfrå for første gong; Lars Hustveit frå Dale. Laget lukkast med målsetjinga om opprykk til 3. divisjon. Fleire av dei sentrale spelarane er framleis på laget, medan andre reiser vekk for å gå på skule. Opphaldet i 3. divisjon varte berre eitt år før det vart 4. divisjon i fire år. I 1986 vart Harald Aabrekk tilsett som trenar. Han la om til soneforsvar og innførte mental trening med psykologane Arne Vågene og Svein Kristiansen.

På slutten av 1980-talet vart det litt «berg- og dalbane » med nedrykk til 5. divisjon i både 1987 og 1990.  Den store aktivitetsveksten kjem i dei aldersbestemte klassene.