STIL Fotballs viktigaste ressurs samla
Forfatter: Svein Kristiansen
25. november 2015
-Trenarane i STIL er avgjerande for vår kvalitetsklubbstatus og for at det sportslege tilbodet i STIL har tatt store steg framover dei siste åra.
Dette var helsinga frå fotballstyret til dei 20 trenarane som var samla i G-bygget i Sandane Idrettspark onsdag kveld. Kvalitetsklubben STIL har utvikla nye tilbod og aktivitetar, satsa på trenarutdanning og gjort eit vesentleg arbeid med å utvikle organisasjonen vidare. Onsdag kveld var trenarane sin kveld, og røynslene frå sesongen 2015 vart gjennomgått og oppsummert.
Trenarkoordinator Torbjørn Gran kom med innspel til treningskvardagen, og var innom både overordna prinsipp, klubbens føringar for treningsarbeidet og praktiske tema knytt til trenarens kvardag. -Er ein to trenarar i ei gruppe, vil det oftast gi best utvikling at den med mest fagleg kompetanse arbeider mest med dei nest beste i treningsgruppa, sa Gran, som gav klare meldingar om element som bør kjenneteikne STIL-treningane. - I kampane skal fokus vere på prestasjon, ikkje resultat. Den oppmodinga går også til foreldra på sidelina, sa trenarkoordinatoren.