[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Julegåve frå Enivest

Forfatter: Svein Kristiansen

23. desember 2021

Fotball
News article image

Godt nytt til alle som brukar Idrettsparken.

desember har STIL fotball fått lagt inn internett i G-bygget i Idrettsparken. Det gjer møteverksemd og anna administritvt arbeid ein god del lettare, og er sjølvsagt eit gode for alle som oppheld seg og har ærend i parken.

Dermed har fotballens hovudarena på Sandane fått ei moderne oppgradering som vi trur vil bli satt pris på.

Ein kan lure på kvifor dette ikkje er gjort for lenge sidan. Svaret har vore at ein såg for seg store kostnadar med å få lagt fram fiberrør. Hodepinen vart løyst då det viste seg at Gloppen kommune tidlegare har laga til nødvendig infrastruktur (trekkerøyr) inn til G-bygget, Når så Enivest kom på bana var det klart for ei løysing: Enivest har tatt alle kostnadane med å få installert internettforbindelsen.

Julegåva frå Enivest er no installert og klart til bruk. Vi takkar og bukkar!

Og passordet? Det finn du innanfor kjøkendisken i G-bygget.