[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Førde vart for sterke i 2. omgangen

Forfatter: Gro Pleym Iversen

26. august 2022

Fotball
News article image

Sandane-Førde 2-4 (2-1)

Dagens Sandanespelar: Kristine Lothe Rustøen.

Sandane sitt damelag er inne i eit generasjonsskifte og dagens tropp hadde ein gjennomsnittsalder på 16,4 år!!

Førde tok leiinga tidlig etter litt passivt forsvarsspel. Men heimelaget tok tak i kampen og Borgny Hetle utlikna etter corner før Sara Lothe Rustøen utnytta eit svakt tilbakespel og gav heimelaget ledelsen. 2-1 til pause.

I andre omgangen heng damene godt med og er svært nære ved å gå opp i 3-1 etter at Sara sette ballen i begge stengene og ut igjen. Etter dette tek Førde meir over og heimelaget sprekker litt opp.

Det endar 4-2 til Førde, men dei unge damene skal ha for heilhjerta innsats i dag.

Innsatsen til dei yngste i dag viser at det gror godt i klubben og det kjem stadig nye gode spelarar opp på damelaget.

Foto; Stig Høynes