Eid til Sandane!
Forfatter: Svein Kristiansen
02. september 2016
Sandane og Eid balar på i kvar sin ende av tabellen. Men det blir aldri feil når STIL og Eid møtest til dyst på fotballbana. Sandane har gleda av å ta imot Eid til kamp i Idrettsparken laurdag kl 1500.
Kampen er viktig for begge lag. Eid kjempar med Skavøypoll om tetplassen i divisjonen, og har ikkje poeng å avgje. Sandane sin situasjon mørkna mykje etter nederlaget mot Bremanger sist helg.
Då Eid og Sandane møttest i våroppgjeret var det klasseskilnad på laga. Vi trur det blir jamnare laurdag, men skal det Sandane vere i nærleiken av poeng MÅ sjansane settast. Eid er eit velspelande lag og Bjørn Totland er ein god, spelande trenar. For STIL sin del kan vi seie at det skal bli interessant å sjå kva skilnaden mellom topp og botn eigentleg inneber.
Skal du sjå ein kamp i haust er det denne!