Maria Skaaden (1925-2016)
Forfatter: Svein Kristiansen
15. januar 2016
Maria Skaaden vart gravlagt frå Vereide kyrkje fredag 15. januar. Med Maria er ein av STILs mest profilerte idrettsutøvarar gått bort. Ho var ein pioner innan kvinneidretten i kommunen og fylket. Ho herja på handballbana og var ei føregangskvinne for kvinnefriidretten.
Vi kjenner Maria Skaaden som ein svært ihuga STIL-tilhengar. Ho følgde fotballaget i 4. divisjon nøye heilt til det siste. Når vi bladar tilbake i STIL-soga er det ikkje vanskeleg å skjøne bakgrunnen for hennar idrettsinteresse. Ho vaks opp i idrettsfamilien Solheim og vart sjølv aktiv innan spesielt friidrett og handball.
Ho spelte organisert handball frå 1945 til midt på 60-talet, og blir av Ove Eide («Hundre år med STIL») omtala som ein av dei store idrettspersonlegdomane i STIL. Sandane hadde eit godt handballag som i 1957 nådde heilt til 4. runde i Norgesmeisterskapen. Der tapte STIL 3-4 for Bergenslaget Viggo. Maria Skaaden sette inn alle Sandane sine mål.
Maria Skaaden braut barrierer i ei tid då det ikkje var sjølvsagt at kvinner deltok i friidrett. I STIL si historie har ho ein stor plass som pioner innan kvinnefriidrett. Prestasjonane hennar vart lagt merke til utanfor fylket og ho deltok også på samlingar utanfor fylket.
I 1948 vart Maria krinsmeister både i høgde og lengde utan tilløp, og ho sto med fire krinsrekordar – i lengde utan tilløp, høgde utan tilløp, kule og spyd!
Vi lyser fred over Maria Skaaden sitt minne.