[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Tre fekk kretsens Blå diplom

Forfatter: Svein Kristiansen

29. november 2015

Fotball
News article image

Tre av STIL sine tillitsvalde mottok heider for mangeårig dugnadsarbeid i STIL-fotballen under kretstinget i helga.

Anita Mykland var såleis ikkje åleine om å få honnør.

Martin Holvik mottok også kretsens Blå Diplom for ein samanhengande karriere som oppmann og trenar i aldersbestemt fotball gjennom 13 sesongar. Martin har også tatt tunge tak i samband med anleggsutbygginga som er gjennomført i Sandane Idrettspark dei siste 7-8 åra. 

Den tredje som mottok diplom var Svein Kristiansen.