Gutelaget er utan tap
Forfatter: Svein Kristiansen
24. september 2015
Sandane sitt gutelag demonstrerte styrke då dei feia eit litt svekka Selje-lag av bana torsdag kveld.
Kampfakta:
Sandane - Selje 8-1 (5-1)
Gutar, 2. divisjon avd 3
1-0 (4. min) Tarjei Bjørkum Vereide
2-0 (12. min) Martin Skår
2-1 (27. min) Kristoffer Rundereim
3-1 (30. min) sjølvmål
4-1 (39. min) Abraham Johnny
5-1 (40. min.) Abraham Johnny
6-1 (44. min) Tarjei Bjørkum Vereide
7-1 (47. min) Kristian Møll
8-1 (57. min) Tarjei Bjørkum Vereide
Dommar: Einar Eimhjellen.
Sandane sitt gutelag har hatt ein imponerande sesong, og kveldens kamp var på ingen måte nokon nedtur. 8-1 mot Selje er eit uhyre sterkt resultat, og seieren var ikkje eit mål for stor. STIL-gutane festa grepet frå start og fekk to kjappe mål ved Tarjei B. Vereide og Martin Skår, sistnemnde med eit nydeleg venstrebeinsskot frå distanse, klistra inn nede ved stolperota.
Sandane spelte seg til fleire flotte angrep, og vi noterte annullert mål og redning på strek for Selje. Midtvegs i omgangen dabba STILs spel noko av og Selje kom meir med. Hurtigtoget Rundereim gjorde det meste sjølv då det vart redusering, og Selje fekk nytt håp. Men Sandane var utan nåde denne kvelden, og det vart tre nye mål for heimelaget før pausen. Spesielt 5-1-målet var lekkert, med flott forarbeid av Kristian Møll før innlegget til ein ventande Abraham Johnny.
Andre omgang var heilt og fullt Sandane sin. Tarjei Bjørkum Vereide avslutta eit glimrande Sandane-angrep, igjen var Kristian Møll assistent. Få minutt etter fekk Kristian Møll klem på eit langskot, og sluttresultatet vart fastsett av Kristian Møll og Tarjei Bjørkum Vereide. Fint innlegg frå kant som Vereide nikka i mål.
Sandane gjorde store utskiftingar i andre omgang, utan at Selje klarate å tilrive seg noko spelemessig initiativ.
Magne Larsen og Jan Ove Ødvens mannskap har gode kvalitetar i alle ledd og spelar feiande flott fotball. Laget er utan tap også i haustserien og har no fire seirar på rad.
To andre kampar i 2. divisjon:
Eid 2-Jølster 4-4
Loen/Vikane - TMFK 2 6-0