Ein god kveld for STIL
Forfatter: Svein Kristiansen
27. november 2022
Ikkje nok med at Gro Pleym Iversen vart kåra til Årets leiar under fotballkretsen si Miljøhelg i Førde. STIL vart også Årets fair play-klubb for godt verdi- og haldningsskapande arbeid.
Foto: Steinar Holvik
-Sandane har gjort Fair play til eit viktig fokusområde som dei legg mykje arbeid i. Klubben har eit eige Fair play-utval som har sett fotballens verdiar på dagsorden gjennom lagsbesøk og på ulike samlingar i klubben og ved artiklar på heimesida. STIL har i år oppretta ein eigen funksjon som inkluderingsansvarleg og har også reetablert Roselaget, sa Kristin Jevnaker Øvstetun, som delte ut prisen på vegne av fotballkretsen.
It takes a village to raise a child
Kretsen hadde også merka seg at STIL i 2022 har ønskt å ha auka fokus på språkbruk og haldningar, og at klubben i forlenginga av dette har igangsett det samfunnsorienterte prosjektet «Landsbyen oppdrar barna saman». -Sandane har høg standard og god struktur på Fair play-arbeidet sitt, sa Øvstetun i si grunngjeving.
STIL var ein av fire klubbar som var nominert til prisen. Prisen skal gå til ein klubb som har gjort seg bemerka innan det haldningsskapande arbeidet som Fair play representerer. Som vinnar kunne styreleiar Gro Pleym Iversen og leiar av Fair play-utvalet i klubben, Svein Kristiansen, ta i mot ein inngravert plakett – og 10 000 kroner.
Fair play-utvalet i STIL har i 2022 bestått av Margot Nesgård, Yngvil Søholt og Svein Kristiansen.