Vinterserie junior G19
Forfatter: Magne Larsen
08. desember 2015
Fyrste runde i vinterserien for junior G19 vart spelt i Måløy på søndag. Gutane våre leverte heiderleg innsats, og fekk med seg nyttig erfaring. I ei jamn pulje med Stryn, Sogndal og Høyang står vi så langt med 3 poeng og 1-3 i målforskjell.
Vi hadde mange forfall på søndag, og spelte turneringa med kun 11 mann tilgjengeleg i fyrste kampen mot Stryn. Stryn hadde ballen mest, men STIL var kompakte defensivt og slapp ikkje stryningane til store sjansar. Ein god Arne Nybø Gangeskar i målet hadde god kontroll på det som kom. Typisk nok var det rett etter at STIL hadde ein stor målsjanse at Stryn kontra inn 1-0 rett før pause. Mot slutten av kampen trykka STIL på men utan å få utteljing på sjansane sine.
Neste kamp var mot eit godt Sogndal-lag, med vår eigen Jonas Denk i sentral rolle. Gutane våre gjorde ein god defensiv jobb, men klarte ikkje å skape mykje offensivt. Sogndal hadde høgare fart både på ballen og beina, så det vart ein forsvarskamp for STIL. 1-0 til Sogndal kom på straffe rett før pause. 2-0 kom tidleg i 2.omgang på ei ny kontring.
I dei to fyrste kampane var vi ikkje gode nok i omstillingane frå defensivt til offensivt arbeid og motsatt. Vi lå kompakt og godt defensivt, men var ikkje flinke nok til å få i gang ballen når vi vann han. Før siste kamp mot Høyang, som hadde spelt uavgjort mot både Sogndal og Stryn, ville gutane vise seg frå ei betre side.
I kampen mot Høyang tok STIL kommandoen frå start og spelte ball slik vi veit dei kan. Defensivt hadde vi god kontroll, og framover gjekk ballen i høgare tempo og med større bevegelse i laget. STIL hadde ballen mest gjennom heile kampen, men det var først i nest siste speleminutt at vi fekk scoringa vår. Den var til gjengjeld av det spektakulære slaget, då Martin Svarstad, som slutta seg til troppen etter fyrste kampen, vendte opp på 25 meter ( I følgje fleire vart det målt til minst 35 meter seinare) og fyra av eit hardt skot som duppa ned rett under tverrliggaren. Vel fortent for gutane som heva seg kraftig i denne kampen.
Det var ei jamn gruppe, og som tabellen syner, har vi alle mulegheiter til å klatre på tabellen under neste turneringshelg den 10.januar på Eid. Til neste turneringshelg vil vi og ha fleire sentrale spelarar tilgjengeleg. Kombinasjonen med KM futsal for senior laurdag og vinterserie søndag var ikkje heldig.
Vinterserien vert arrangert som seriespel i to grupper over to helger, med sluttspel der avdelingsvinnarane møter kvarande, og evt nummer to i kvar pulje spelar om 3.plassen. Vinterserien er og kvalifisering til NM G19. I skrivande stund veit vi enno ikkje kor mange lag Sogn og Fjordane får med til NM.