[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL får UEFA B-trenar

Forfatter: Svein Kristiansen

25. oktober 2015

Fotball
News article image

Torbjørn Gran tar nye steg på trenarstigen.

STILs trenarkoordinator, Torbjørn Gran, har passert nålauget og er med i gruppa som i neste veke startar på utdanninga som skal leie fram til UEFA B-lisens. Deltakarane kan rekne med eit flott opplegg der fotballpraksis står i sentrum frå morgon til kveld ei heil veke til endes.Så skal det skrivast ei oppgåve før det vert avsluttande helgesamling på ettervinteren ein gong.

Alle som har NFF C-lisens kan etter eitt års praksis som C-trenar gå vidare på UEFA B-lisens-kurs. STIL har heile 9 trenarar med C-lisens, og det er svært gledeleg at vi no også får trenarar med UEFA B-lisens. Frå før er det kun Jan Ove Ødven av STILs trenarar som har denne utdanninga.

Les krava til UEFA B-lisens

Hødd med lokal vri på UEFA B-utdanninga