Kjempetilbod for trenarar
Forfatter: Svein Kristiansen
16. desember 2016
No har du som trenar i STIL sjansen: eit fantastisk flott opplegg for den spesielt motiverte trenar vert no annonsert av fotballkretsen.
Prosjektet har fått namnet "Drømmetrenaren" og har som mål å utvikle og inspirere trenarar som skal kunne prege fotballen i Sogn og Fjordane i åra som kjem, inn mot spelarutvikling i klubb og krets. I Sandanefotballen er vi SVÆRT interesserte i å få med ein eller fleire trenarar i dette prosjektet.
Vi saksar frå fotballkretsen:
Målgruppe:
Me leitar etter dei mest dedikerte og ambisiøse trenarane i barne- og ungdomsfotballen i Sogn og Fjordane. Trenarane skal ha ei sterk indre drivkraft til å utvikle sin eigen kompetanse, og skal vere nysgjerrig på ny læring og erfaring. Forutan å utvikle seg sjølv, ønskjer me at dei skal vere ein ressursperson i sin klubb og sitt nærområde.
Me har sett ei øvre grense på 20 trenarar til dette prosjektet. Erfaring som trenar i barne –og ungdomsfotball, formell trenarutdanning og anna relevant utdanning vil danne grunnlaget for uttak til prosjektet. Kravet for utdanning er at ein har påbegynt UEFA C-lisens kurset.
Prosjektinnhald:
- Samlingsbasert prosjekt over 5 samlingar, med moglegheit for studietur til Europa.
- Dagsamlingar som i hovudsak er lagt til helg, og me skal bruke heile fylket som arena for samlingane.
- Fastsette fagtema som er høgaktuelle inn mot trenarrolla og spelarutvikling.
- Bruker eksterne fagpersonar som rettleiarar og føredragshaldarar på samlingane
- Kombinasjon av teori og praksis på feltet (hovudsak gjennom instruktørar)
Drømmetrenarprosjektet er av NFF godkjend som etterutdanningstiltak for dei som har UEFA B-lisens.
Eigenandel: Kr.1 000,-
Påmeldingsfrist:
Ønskjer du å delta på dette prosjektet? Søknadsfrist torsdag 26.januar 2017.
Link til påmelding: https://fotball.formstack.com/forms/dr_mmetrenaren
Prosjektleiar:
Har du spørsmål, kontakt: Marius Torstrup Kloster – e-post: mar[email protected]