STIL på Breddeseminaret til Norges Fotballforbund: – Meir enn berre fotball
Forfatter: Adminstrasjonen
02. mars 2026
STIL på Breddeseminaret til Norges Fotballforbund: – Meir enn berre fotball
Fredag var STIL representert på Breddeseminaret til Norges Fotballforbund i Oslo. Dagleg leiar Maria Karin Dalsbø og B-lagstrenar og prosjektkoordinator for Landsbyprosjektet, Mads Wie, fekk høve til å halde innlegg om korleis vi i STIL jobbar målretta med sosial berekraft og inkludering – med visjonen vår som tydeleg kompass: Meir enn berre fotball.
Mads fortalde om utviklinga i klubben dei siste åra – frå ein tradisjonell breiddeklubb til ein organisasjon med tydeleg retning, verdiforankring og sterkare kopling til lokalsamfunnet.
– Vi har gått frå å kjenne tilhøyrsle til laget du spelar på, til å kjenne tilhøyrsle til klubben du spelar for.
Med visjonen «Meir enn berre fotball» og samfunnsoppdraget vårt – folkehelse og idrettsglede for alle, heile livet – jobbar vi kvar dag for å omsetje verdiar til handling. Verdiane våre; stolt, trygg, inkluderande og lagkjensle, skal vere synlege i praksis.
Landsbyprosjektet – «It takes a village»
Landsbyprosjektet vårt er kjernen i det sosiale berekraftsarbeidet i klubben. Namnet kjem frå uttrykket «It takes a village to raise a child». For oss handlar det om å ta ansvar – saman.
Vi samarbeider med foreldre, skule, helsestasjon, barnevern, NAV og flyktningteneste for å skape tryggare rammer rundt barna. Vi har felles retningslinjer, årlege møte og ein open dialog om korleis vi best kan møte barn som strevar – både sosialt og på andre arenaer. Målet er at ingen barn i vår klubb skal stå aleine.
B-laget – prestasjonsnivå: 6. divisjon. Samfunnsverdi: Eliten
Mads delte også historia om oppstarten av STIL 2 i 6. divisjon i januar 2025. Vi håpa på ti spelarar på oppstartsmøtet. Det kom 20. I løpet av sesongen hadde 68 ulike spelarar vore innom trening.
Aldersspennet? Frå 17 til 57 år.
Sportsleg enda laget på 2. plass, men det viktigaste var det som skjedde utanfor resultatlista: relasjonar på tvers av alder, bakgrunn og livssituasjon. Ein ny møteplass i bygda.
Dette, for oss, er meir enn berre fotball