Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen!
Forfatter: Svein Kristiansen
29. november 2015
Jan Ove Ødven har vore trenar i STIL-fotballen i 24 sesongar, og har i 2015 fått fram eit gutelag som spela alle sine kampar utan tap.
-Det er tale om ein skikkeleg stayer i fotballfylket. Sju av spelarane på laget har fått prøve seg på A-laget siste sesong. Han har ein leiarstil og evne til å kommunisere med ungdomane som har skapt eit solid fellesskap. Han ser kvar enkelt spelar og gir kvar enkelt det dei treng for å utvikle seg vidare. Han har hatt ei viktig rolle i arbeidet med klubben sin sportsplan og er ein trenar som er open for samarbeid og nye impulsar, sa Jan Tore Jåstad i NFF Sogn og Fjordane i grunngjevinga. I takketalen sin sa Jan Ove Ødven at Sandane er ein klubb i ekstrem utvikling. -Det er svært kjekt å vere med på det løpet vi har starta på. Eg trur Sandane vil hevde seg godt i fotballen i Sogn og Fjordane i åra framover.