[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sogndal 3 avgjorde på overtid

Forfatter: Svein Kristiansen

05. juni 2015

Fotball
News article image

Sogndal 3 sette inn sistemålet 20 sekund før slutt.

Då sto kampen og vippa, det låg mål i lufta, og Sogndal 3 var dei som hadde mest å gje. Sandane forsvarte seg godt og hadde kontringssjansar som kunne avgjort til STIL sin fordel. Men det var Sogndal 3 som skapte ei rekke nestensjansar, og det er lite å seie på at dei til slutt fekk ballen i mål bak Simon Gimmestad. 

Men la oss ta det frå starten: 

Sogndal 3 opna med aggressivt press og sette tonen frå start. Sandane brukte litt tid på å kome med i spelet, og når det skjedde hadde Sogndal 3 allereie gått opp i 1-0. 

Men STIL misste ikkje motet og etter kvart vart kampen jamspela. Glimtvis såg vi flott samspel hos Sandane, Men det var eit høgt innlegg som skulle gi STIL det første målet. Jonas Denk vann ballen ned ved cornerflagget og valde tilbakespel til Jon Vegard Byrkjedal. Han la inn i feltet, der fleire STIL-spelarar venta. Ingebjørn Mundal fekk nikka ballen over keeper og inn via stolpen. 

Vi var no midtvegs i første omgang, og STIL kvikna veldig til. Minuttet etter utlikninga briljerte sandensarane med flotte og presise ballvekslingar. Magnus Bolseth kom etterkvart i fin posisjon litt skrått for mål, kunne nok avslutte, men la inn til godt plasserte Thomas Dyrrdal. Han var litt feilvendt, og Sogndal 3 slapp med skrekken. Sandane hadde fleire fine angrep i denne delen av kampen. 2-1 kom då Ingebjørn Mundal fann Jonas Denk med ein fin stikkar, og Jonas skåra sikkert. 

Sandane måtte gjere fleire omrokkeringar i første omgang, pga skader. Andreas Vereide måtte dessverre ut alt etter 15 minutts spel, og 10 minutt seinare varsla Håkon Schjølberg at han måtte ut. Dei vart erstatta av høvesvis Leander Seime og William Landøy. Sandane hadde starta med Martin Svarstad på midten, men han tok plass i midtforsvaret då Håkon Schjølberg gjekk ut. 

Det vart også gjort andre endringar i laget undervegs i kampen. 

-Vi har spelarar som har vore sjuke ein periode og spelarar med skadeproblem. Fleire er derfor ikkje i sin beste form, og vi ønskte å starte andre omgang litt roleg, seier trenar Øyvind Hervik i ein kommentar.

Dessverre for STIL var det utlikning til 2-2 alt i opningsminutta av andre omgang, og etter kvart vart andre omgang eit spørsmål om å redde i land uavgjort. Når det er sagt: Sandane var heile tida farlege på kontringar, og var faktisk svært nær å ta leiinga då kommunikasjonssvikt i SIL3s bakre forsvar heldt på å ende med sjølvmål. Men målvakt Mjellelid fekk etter ein rask spurt feia ballen vekk frå målstreken.

Sogndal 3 er eit spelande lag som malte og malte mot Sandane sitt forsvar. Dei hadde ei rekke halvsjansar i kampen, og på tribuna var vi byrja belage oss på uavgjort. Men tre minutt og førti sekund på overtid lukkast altså Sogndal 3 med å få ballen i mål. Tjue sekund seinare var kampen over.

Bittert for Sandane, som ikkje må henge for mykje med hovudet. Kampen viste med all tydelegheit at når STIL er på, og aggressive nok i press og duellspel, er dei heilt på høgde med mostandaren.  

 

LIVE frå kampen (amputert)