Enivest IFO
Den store dugnadshelga!
Forfatter: Svein Kristiansen
03. mars 2017
Fotball
Organisasjonskomiteen består av 14 personar og dei har ein heil skokk i ryggen: Alt er i rute til KM-sluttspelet for aldersbestemte klassar på Sandane. Frå laurdag morgon til seint søndag kveld skal 104 lag kjempe om ære og medaljar. Fotballkretsen har live-streaming frå ei rekke kampar, og lurer du på resultata for ditt lag vert det løpande oppdatering her på STIL si heimeside.
Det er eit kjempearrangement som skal avviklast, men i STILleiren herska ro då dei siste førebuingane vart gjort fredag kveld.
Vi ønskjer alle aktørar både på og utanfor bana lukke til!