[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Årets STIL-humle er May-Britt Sægrov!

Forfatter: Adminstrasjonen

02. oktober 2026

Fotball
News article image

May-Britt Sægrov er kåra til Årets STIL-humle 2026. Med eit stort engasjement for spelarane, laget og klubben har ho gjennom fleire år lagt ned ein imponerande frivillig innsats i STIL Fotball.

Årets STIL-humle går til ein person som har lagt ned ein uvurderleg innsats for STIL Fotball. Prisen skal heidre ein frivillig som gjennom arbeidet sitt viser ekte engasjement, skaper fellesskap og bidreg til å gjere klubben til ein god stad å vere.

STIL Fotball er heilt avhengig av alle dei fantastiske frivillige som kvar veke brukar av fritida si for at barn, ungdom og vaksne skal få gode opplevingar på og rundt fotballbana. Trenarar, lagleiarar, dugnadsfolk, styremedlemmer og alle andre som stiller opp, er sjølve grunnlaget for aktiviteten vår. Årets STIL-humle er ein måte å løfte fram og takke ein av dei mange som gjer ein forskjell for klubben vår.

 

Eit fast haldepunkt for laget

Årets vinnar er ein person som stiller opp, tek ansvar, ser moglegheiter og får ting til å skje – ofte langt utover det ein kan forvente.

Gjennom fleire år har May-Britt vore eit fast haldepunkt rundt Jenter 12. Ho planlegg, organiserer og tek tak i både små og store oppgåver. Ho har skaffa midlar, sett i gang prosjekt og lagt ned utallige timar for å skape aktivitet og gode opplevingar for andre. Dette engasjementet strekkjer seg også utover hennar eige lag.

Men innsatsen hennar handlar om mykje meir enn alt det praktiske. May-Britt ser menneska rundt seg. Ho er oppteken av at alle skal få vere med, kjenne seg velkomne og oppleve meistring og glede. Det har vore med på å skape eit miljø der trivsel og fellesskap står sterkt.

 

Fellesskap både på og utanfor bana

Kveldsmat etter trening, teambuilding, treningsleir og sosiale aktivitetar har vore ein viktig del av arbeidet med å byggje laget.

Saman med resten av lagsapparatet har May-Britt også invitert motstandarlag til felles oppvarming og kveldsmat etter kamp. Det seier mykje om kva ho ønskjer at idretten skal vere: ein stad for vennskap, respekt, glede og fellesskap.

May-Britt er raus, positiv og løysingsorientert. Ho løftar spelarane sine, men også foreldre, trenarkollegaer og klubben rundt seg.

 

Deler prisen med lagsapparatet

Prisen blei delt ut i pausen under kampen mellom Sandane damer og Førde 2 torsdag 1. oktober.

I takketalen la May-Britt særleg vekt på det gode samhaldet i lagsapparatet rundt Jenter 12. Ho understreka at arbeidet er noko dei gjer saman, og at ho difor ønskjer å dele prisen med resten av gjengen rundt laget.

Custom image

 

Vi gratulerer May-Britt med ei svært fortent utmerking – og rettar samtidig ein stor takk til alle dei frivillige som kvar einaste veke legg ned tid, engasjement og hjarte for STIL Fotball!