11 Sandanespelarar uttekne til sonelaget!
Forfatter: Svein Kristiansen
02. mars 2016
STILs aldersbestemtfotball ser ut til å hauste fruktene av godt arbeid dei seinare åra. Heile 11 spelarar fødde i 2003 - 5 gutar og 6 jenter - er uttekne i sonegruppa for Nordfjord.
Det har aldri skjedd før at Sandane har så mange spelarar med både på gute- og jentesida. -Det viser nok at vi har gjort noko rett i STIL dei seinare åra, uttaler treningskoordinator Torbjørn Gran. Uttaket til sonegruppene er ei stor oppmuntring også for dei som ikkje nådde opp denne gongen. Det går an å sleppe til på sonenivå, også når ein kjem frå Sandane.
Det vert samlingar utover våren for alle som er uttekne. Eit vekslande utval spelarar vil spele for Nordfjord i Enivestserien, som startar allereie om vel ei veke. 12. mars er det samling i Sogndal, der Nordfjord møter lag frå Sunnfjord og Sogn, melder kretsen på sine heimesider.
Jentene som er uttekne til sonegruppe Nordfjord:
Mari Solheim, Sandane TIL
Anna Fjellestad, Sandane TIL
Mia Fjellestad, Sandane TIL
Berit Leirgulen, Sandane TIL
Dina Fossheim, Sandane TIL
Emma Lothe, Sandane TIL
Gutane som er uttekne til sonegruppe Nordfjord:
Mathias Lothe, Sandane TIL
Sivert Fure Skinlo, Sandane TIL
Vegard Søren Eimhjellen, Sandane TIL
Hallvard Bjotveit, Sandane TIL
Sebastian Uribe, Sandane TIL