[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kongens fortenestemedalje til Ove Eide

Forfatter: Svein Kristiansen

14. august 2015

Forside
News article image

Ove Eide fekk i går Kongens fortenestemedalje. Eide er forfattar av STIL si lagssoge, "Hundre år med STIL", og vi stiller oss sjølvsagt i rekka av gratulantar.

Ove Eide er nypensjonert frå Firda vidaregåande skule og dessutan ei rekke sentrale tillitsverv innan litteratur, språk og norskfaget i Noreg. Han er forfattar eller medforfattar av nærmare 30 bøker. 

Ove Eide skreiv lagssoga til STIL som eit stort dugnadsprosjekt som vi i STIL er han stor takk skuldig for. Eide var også, saman med Kari Søreide, konferansier på den første årsfesten som STIL arrangerte i Trivselshagen, i 2009. Han var talar på same arrangement året etter. 

Gratulerer med vel fortent heider!

Ove Eide om kommunikasjon: Les intervju på STILs gamle heimside