TMFK sikra seieren på overtid
Forfatter: Svein Kristiansen
20. juni 2015
Sandane gjekk opp til 2-1 med mindre enn 10 minutt igjen å spele på Refvika. Men med Endre Kupen si andre utlikning for dagen vart det kamp heilt inn, og på overtid fekk TMFK sitt tredje mål i kampen.
Tornado Måløy - Sandane 3-2 (0-1)
Refvik Stadion
4. divisjon
Mål:
0-1 (33. min) Jonas Denk (assist: Ingebjørn Mundal)
1-1 (64. min) Endre Kupen
1-2 (85. min) Thomas Dyrrdal
2-2 (87. min) Endre Kupen
3-2 (90. min +)
Gult kort Sandane: Ingebjørn Mundal
Det vart ei dramatisk avslutning på oppgjeret mellom Tornado Måløy og Sandane. Sandane hadde poeng i lomma så og seie til siste sekund. Med Thomas Dyrrdal si 2-1-skåring 10 minutt før full tid, var det faktisk håp om tre poeng til STIL. Men Endre Kupen utlikna like etter, og i sluttspurten klarte ikkje Sandane å stå imot.
Sandane fekk eit annullert mål ved Thomas Dyrrdal (offside) tidleg i andre omgang, og hadde også ein stor sjanse ved Jonas Denk på stillinga 1-1.
Det tok nesten 20 minutt av andre omgang før TMFK og Endre Kupen lukkast med å sette ballen i mål. TMFK hadde då spelt STIL låge, og STIL var under stort press.
Sandane opna kampen godt, og var heilt på høgde i banespelet frå start. Dei fekk også ein stor sjanse ved Thomas Dyrrdal etter nokre minutts spel. TMFK brukte litt tid på å kome i gang, men etter ca 20 minutt avslutta Chris Nore med eit skot i stolpen. Litt seinare var det på ny ein ball i stolpen og ut for Tornado Måløy. Sandane har spela seg til nokre mindre sjansar. Midtvegs i første omgang tok TMFK over mykje av banespelet, og hadde fleire gode sjansar.
Men det var STIL som fekk første nettkjenning då Ingebjørn Mundal sende Jonas Denk åleine mot mål. Denk netta sikkert. Nokre minutt før pause hadde STIL ein ny, stor sjanse. Denne gongen var det Ingebjørn Mundal som kom åleine mot TMFKs mål. Lagkaptein Holvik klarte imidlertid å redde på målstreken.
Sandane gjorde fleire bytter i kampen. Etter 41 minutts spel gjekk Magnus Nikolai Bolseth ut og inn kom Erlend Ødven Laurhammer.
Det vert meldt om ei relativt blaut bane på Refvika i dag.
Sandane si startoppstilling ser slik ut: Simon Gimmestad, Espen Fonn Sårheim, Håkon Schjølberg, Martin Sivertsen, Anders Kleppe Silden, Magnus Nikolai Bolseth, Martin Svarstad, Jonas Denk, Eirik Rauseth. Thomas Dyrrdal, Ingebjørn Mundal. Sandane spelar i ei 3-5-1-formasjon med Ingebjørn Mundal på topp.
STIL gjorde følgande bytter: Erlend Ødven Laurhammer inn for Magnus Bolseth. Kristian Møll inn for Ingebjørn Mundal. Gudmund Bjotveit inn for Anders Kleppe Silden. Sander Nesdal inn for Erlend Ødven Laurhammer. Tarjei Bjørkum Vereide inn for Thomas Dyrrdal.
Les Øyvind Herviks kommentar etter kampen.