KM Futsal sluttspel på Sandane 28. februar–1. mars 2026
Forfatter: Adminstrasjonen
20. februar 2026
KM Futsal sluttspel på Sandane 28. februar–1. mars 2026
STIL Fotball ønskjer alle spelarar, lagleiarar, dommarar, publikum og frivillige hjarteleg velkomen til SSF KM Futsal aldersbestemt – sluttspel på Sandane helga 28. februar og 1. mars 2026. Vi ser fram til ei innhaldsrik futsalhelg prega av idrettsglede, engasjement og gode opplevingar – både på og utanfor bana.
Dugnadsinnsats – viktig informasjon
For å gjennomføre arrangementet på ein god måte er vi avhengige av innsats frå heile fotballfamilien. Oversikt over dugnadsvakter ligg under, og merk at det kan kome endringar.
Viktig: Alle som er sett opp på dugnad må frå og med i år gi tilbakemelding via Spond.
Meir informasjon om innhaldet i dei ulike oppgåvene finn du i:
- Oversikt dugnadsoppgåver
Oppfordrar alle som har til å stille i STIL-kle om du har. Vest får du utdelt når du kjem.
Grønt arrangement
KM futsal på Sandane er eit grønt arrangement. Vi ønskjer å ta gode miljøval og oppmodar alle til å vurdere samkøyring og vere bevisste på sortering av avfall.
Det er parkeringsavgift på 100 kroner for alle, med unntak av personar med dugnadsvakt og dei som skal i bassenget.
Kampar og kampoppsett
Kampoppsettet finn du i Profixio.
Laurdag 28. februar
- U14
- U16
- J19
Søndag 1. mars
- U13
- U15
- G19
Alle kampar startar kl. 10.00 begge dagar.
Vi gratulerer alle lag som har gått vidare til sluttspelet og ser fram til ei spennande og innhaldsrik helg! Lykke til alle saman!