[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

BALLFORDELAREN

Forfatter: Svein Kristiansen

28. november 2022

Fotball
News article image

Gro Pleym Iversen overtok som leiar i STIL fotball i mars 2021. Det nyvalde styret var neppe heilt førebudd på kva som venta, og sjølv om nokre kanskje brukte litt tid på å finne ut kva som hadde treft dei, vart det ganske snart klart: STIL fotball hadde fått ein leiar som ville noko.

Foto: Stig Høynes, Haugen Fotball

Sidan starten har eit stort antall steinar blitt endevendt, nødvendige grep blitt teke og mang ein ball sendt i bakrom med håp om at løpsvillige aktørar i blått har starta på tidlege løp.

Det har skjedd ei klimaendring i Sandanefotballen. Og denne helga vart Gro Pleym Iversen heidra som Årets leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Dream team ?

Pleym Iversen har hatt med seg eit mannskap som ho sjølv er den første til å framheve: -Eg opplever at kompetansen i styret har vore god, seier ho.

Det interesserte publikum har kanskje merka seg at det sittande fotballstyret har ei botnsolid sentralline: midtstoppar Håvard Gimmestad (leiar, anleggsnemnd), kvalitetsklubbansvarleg Torill Fjellestad (defensiv midtbane), ballfordelar Gro Pleym Iversen (offensiv midtbane) og spydspiss Ingmar Sægrov (sportsleg leiar). I sentrale, strategiske posisjonar finn ein også tungvektarar: Kjartan Aa Berge (økonomi) og Egil Brekke (aldersbestemt fotball).

-Det er ikkje likegyldig korleis eit styre er samansett, og vi har mykje god og variert kompetanse. Det betyr også at valnemnda har gjort ein god jobb, seier Gro, som ikkje nok kan understreke betydninga av det arbeidet valnemnda gjer. Dei må kartlegge, ta kontakt med folk og få folk med.

Om å gjere intervjuavtalar med Gro Pleym Iversen

Fotballeiaren Gro er eit ja-menneske, men på eitt område har det gått trått. Å få gjennomført eit intervju med henne har vore ei langdryg affære. Det er om lag eitt år sidan det vart retta ein forsiktig forespørsel. Etter fem månadar var ein avtale i boks, men så kom det noko i vegen. Om det var eit sponsormøte, ein avtale med idrettskretsen angåande prosjektet «Landsbyen oppdrar barna saman», eller kanskje ein plakat som skulle skrivast før damelagets heimekamp, eit møte angåande inkluderingsarbeidet (ingen skal stengast ute frå STIL pga økonomi), oppfølging av samarbeidet med Eid og Stryn i jente/damefotballen, eller kanskje ein nødvendig ting som skulle ordnast i samband med prosjektet «Sammen redder vi liv» (nye hjertestartarar og kurs i hjerte- og lungeredning) – det er ikkje så godt å seie. Det kan for så vidt også tenkast at det var tale om eit nødvendig møte i utvalet som arbeidde med den nye strategiplanen, om det då ikkje var sommarfesten for dei frivillige som skulle planleggast. Eit eller anna viktig var det.

Ein mandag ettermiddag i november vart det likevel ein avtale.

Gro er ikkje Gro om ho ikkje nyttar høvet til å lufte fleire av dei aktuelle sakene i klubben med intervjuar/nestleiar. Men gradvis kjem vi inn på hovudsporet: Gro sjølv. Det hjelper å nemne dei mange gode hjelparane i STIL fotball.

-Vi skaper enorme verdiar for samfunnet

-Det er frivillighetens år. Det er ei god anledning til å minne om dei enorme verdiane som ligg i den frivillige aktiviteten i STIL, seier Gro. Og held fram:

-Vi har ein god arena som vi kan bruke, vi skulerer trenarar og alle våre aktive. Alt blir drive fram av ein kolossal dugnadsinnsats, som kjem våre aktive, men også samfunnet for øvrig til gode. Vi har også eit godt samarbeid med Gloppen kommune, og dette har vore svært viktig for oss i STIL.

Gjennom mykje av arbeidet vi har gjort har vi vist at vi tar samfunnsansvaret på alvor. Dette har sjølvsagt vore ein viktig del av STIL fotball sitt arbeid i mange år, men vi har ønskt å få endå tydelegare fram at dette ligg oss sterkt på hjartet.

1+1 = meir enn 2

-Vi skaper meirverdiar når vi samhandlar, og STIL fotball ønsker å vere ein tydeleg og påliteleg samarbeidspart. Dette er vår tenkning og strategi. Vi ønsker å profesjonalisere oss, vere engasjerte, tydelege, ansvarlege og ha kvalitet i det vi gjer – ja, vere ein kvalitetsklubb. Vi er best når når vi samhandlar med andre.

Nokre spør kvifor vi må vere kvalitetsklubb og ha så høg standard på drifta vår. Mitt svar er at det hjelper oss å drive klubben godt. Det er også viktig at vi kan fortelle våre støttespelarar at vi har orden i vårt eige hus.

Det er eit mål å få fleire med?

-Vi har prøvd å tenke inkluderande rekruttering. Det er viktig for oss å få fleire med, også på dugnadssida. Vi har forsøkt å tydeleggjere jobboppgåver, og dele oppgåvene på fleire.

Gro har sjølv ei aktiv idrettskarriere frå oppveksten i Haugesund Og nei, organisert fotball blei det aldri på henne. Ho var aktiv i friidrett, handball, volleyball og orientering, men også i andre aktivitetar, som barne- og ungdomsteater og dans. -Som barn tenker ein ikkje på det, men som vaksen ser ein kor stor jobb det er å drive ein fotballklubb. Der foregår mykje usynleg arbeid!

Strategiplan

Fotballstyret i STIL møtest ein gong i månaden og har hatt mange saker til handsaming. -Vi har hatt mange fine diskusjonar i styret. Klubben har hatt eit arbeidande styre, og det er eit mål å bevege oss i retning av eit meir strategisk arbeidande styre. Ei viktig sak i år har vore å få utarbeidd ein strategiplan for arbeidet dei komande åra. Eg er svært nøgd med at vi fekk til ein prosess som munna ut i ein konkret plan.

Du tok tidleg fatt i tema som likestilling og likeverd?

-Det har vore viktig for meg å sikre at vi skaper like tilbod for jenter og gutar, menn og kvinner. Sjølv om vi framleis er mannsdominerte i mange verv, er det svært gledeleg at kvinnene kjem med, både på trenarsida og i mange andre funksjonar. Vi ser kva betydning det har å ha gode modellar. UEFA B-trenar og trenarveileder Margot Nesgård er til dømes eit forbilde for alle jenter. Og ja, det er viktig at unge jenter ser at kvinner også kan vere leiarar i ein fotballklubb.

Du har vore oppteken av Fair Play og verdiarbeidet i klubben?

Det er viktig at dei unge føler seg inkludert og sett, at dei er en del av eit lag som saman kan skape gode opplevingar. Dersom fotballen kan bidra til at unge som strevar får ein betre kvardag, så har det stor eigenverdi for den enkelte, men også stor samfunnsøkonomisk verdi.

NFFs president, Lise Klaveness, har også markert seg tydeleg i Fair Play-arbeidet. Kva synest du om hennar arbeid?

-Klaveness er ein sterk og uredd leiar som har satt respekt og Fair play på dagsordenen nasjonalt og internasjonalt. Ho er eit viktig og godt forbilde både for meg og andre og for inkluderingsarbeid generelt.

Kva får ein allereie travel person til å ta på seg styreleiarvervet i STIL fotball?

-Eg er fotballmamma og har sett kor viktig lagidrett og fotball er for både eigne barn og andre sine barn. Det er mange draumar knytt til idretten. Det er viktig at vi kan gi rom for det! Ein motivasjon for meg har vore å føle at ein kan bidra, vere til nytte og vere ein del av lokalsamfunnet. Gjennom det får ein også noko tilbake i form av tilført glede og energi.

Det gir ekstra motivasjon at vi gjennom arbeidet i STIL fotball kan gi noko tilbake til lokalsamfunnet. For meg betyr det også at eg har funne ein stad der eg kjenner at eg kan bruke mine eigne ferdigheiter. Eg har både interesse for og kompetanse i styrearbeid. For meg personleg har det vore motiverande å få heva kvalitetsdokumenta i klubben, og eg kjenner at eg verkeleg kan stå inne for dei sentrale verdiane i STIL: Engasjert og ansvarleg. Når eg no er midt i dette arbeidet, så hjelper det på at eg er tidsoptimist, nysgjerrig og har lett for å engasjere meg. Då får ein til mykje, i alle fall litt!

Gro arbeider som jurist i Stiftelsestilsynet og jobbar med tilsynsarbeid, dvs å sjå til at styret i stiftelsane har gode prosessar og at dei forvaltar stiftelsens formål forsvarleg. -Det er nok ein kunnskap som både motiverer og hjelper i arbeidet i STIL. Det har vore viktig for meg at vi skal ha ting i orden, og at aktiviteten vår skal vere i samsvar med det som er kjerneverksemda vår: nemleg å legge til rette for at barn, ungdom og vaksne skal få spele fotball.

Og kva har du lært etter snart to år ved roret?

-Eg opplever at det har skjedd noko positivt i STIL-fotballen. Vi tilrettelegger målbevisst for sporten. Vi er alle like viktige. Og vi har den viktige ressursen: alle eldsjelene. Sjå berre på dommarane våre, som dømmer meir enn 120 kampar kvart år.

Og det har vore ei stor glede at eg gjennom mitt møte med fotballen har fått treffe mange kjekke folk, i STIL og i kretsen for øvrig.

Og kva elles gledar ein styreleiar i fotball når du følger med på aktiviteten i laget?

Personleg synest eg det er like gøy å sjå på knøtteturneringane og den idrettsgleda vi er vitne til der som å følge ein A-lagskamp. Men det var spesielt kjekt at herrelaget klarte opprykk til 4. divisjon denne sesongen. Den gleda som fylte meg då eg fekk meldinga, eg befant meg på ein flyplass, den var god!

Har du nokon kjepphest?

-Eg har vore lagleiar for aldersbestemte lag i fleire år og fekk etter kvart ei klar oppfatning av at dekket på kunstgrasbana var på overtid. Noko av det første eg tok tak i var å få på plass nytt kunstgrasdekke i Idrettsparken. Det var derfor ei stor glede at vi fekk dette ordna. Det har og vore viktig for meg å jobbe med å løfte kvaliteten på arrangementa kring seniorkampane, og ikkje minst få enda meir publikum som tydeleg er til stades. Eg er også nøgd med at vi fekk til ein kjekk seniorfest i fjor, og har planlagt ein ny rett før jul. Og det var gledeleg at så mange kom på sommarfesten vi arrangerte for dei frivillige i august.

I tillegg er dommarrekrutteringa eit viktig satsingsområde; for utan dommar, ingen kamp.

Av ting vi ikkje har fått til vil eg nevne at vi i større grad kunne deltatt på cupar saman. Det treng ikkje berre vere Norway Cup. Kva med Dana Cup? Vi er innstilt på å bruke ressursar som gjer at våre spelarar og lag får gode cupopplevingar.

Filosofi: Klubben som sjef

Gro understrekar det som er eit overordna prinsipp for klubbarbeidet: -Klubben skal ha styringa og sitte ved rattet i det vi gjer. Eg føler eit ansvar for å løfte fram dei mange flotte sidene med idretten og klubben. Eg ønsker at alle som deltar på ulike nivå i STIL skal oppleve at det er viktig, det vi gjer.

Eg har lyst til å sjå at vi som klubb har tatt steg framover. Nokre har vi tatt, og der er fleire igjen. Vi må også ha respekt for at om ein ønsker å snu ei stor skute treng ein ganske lang tid. -Det har vore spennande å gå inn i dette arbeidet. Eg ser alle som gjer ein stor jobb for klubben. Vi har over 100 frivillige med i STIL fotball. Vi treng tid for å få alle til å jobbe i lag. Det er ei interessant og viktig erfaring: ting tar tid.

Avslutning

Intervjuet er slutt. Vi stig ut i den vakre novemberkvelden. Gro skal vidare. Ho rekk akkurat eit viktig møte i Gloppen Tango.