Stabilitet pregar fotballgruppa
Forfatter: Svein Kristiansen
23. februar 2016
Det er ein imponerande stabilitet i styre og stell i fotballgruppa på Sandane. Den mest radikale utskiftinga var leiaren i valnemnda, Per Ståle Husevåg, som takka for seg etter vel utført arbeid dei siste tre åra. Men det er også rom for nye, spennande kostar i fotballgruppa.
Hege Marita Svalheim har gjort ein fabelaktig jobb som kiosk/arrangementsansvarleg dei siste to åra. No får ho med seg Brit Elin Lothe Fjellestad og Sissel Ravnestad, noko som styrker eit viktig arbeidsområde i laget.
Økonominemnda har tradisjonelt hatt tre medlemmer, men vert no styrka med eit fjerde. Trond Haugen takka for seg, og inn kjem Paulius Kamantauskas og Bård Larsen Devik, sistnemnde med mykje god klubberfaring frå Austlandet.
Det nye styret har mangt å gripe fatt i. Først ventar leiarkurs for nye og gamle styremedlemmer. Kurset vert arrangert på Sandane om to veker.
Styret:
- Leiar Sjur Gimmestad attval 1 år
- Nestleiar Svein Kristiansen ikkje på val
- Økonomiansvarleg Karoline Klausen attval 2 år
- Anleggsansvarleg Arild Bruland ikkje på val
- Sportsleg leiar Magne Larsen ikkje på val
- Voksenfotball Trond Salveson attval 2 år
- Aldersbestemt fotball Allan R. Mardal ikkje på val
- Styremedlem Hege M. Svalheim attval 2 år
Anleggsnemnd:
- Leiar Arild Bruland ikkje på val
- Medlem Jan Inge Erdal ikkje på val
- Medlem Sjur Gimmestad ikkje på val
Økonominemnd:
- Leiar Karoline Klausen attval 2 år
- Medlem Marit Myklebust Hauge ikkje på val
- Medlem Paulius Kamantauskas ny 2 år
- Medlem Bård Larsen Devik ny 2 år
Kiosk/arrangementsnemnd
Hege Marita Svalheim attval 2 år '
Brit Elin Lothe Fjellestad ny 2 år
Sissel Ravnestad ny 2 år
Valnemnd:
- Stian Aaberg
- Jørn Lothe
- Per Helge Evebø