[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL-LUPA nr 6

Forfatter: Trond Salveson

12. april 2015

Fotball
News article image

Lag nr. 6. Høyang

Vi trur at tabellen blir delt ved lag nr. 5, og at Høyang ikkje blir av dei 5 laga. Skuffande sesong i fjor og havna på 10. plass. Høyang har eit lag i 6.div. i år og det kan bety at nye og unge spelarar er på vei opp. Vi såg to av dei på G19 under KM på Sandane. Leif Arne Tveit er hovedtrenar med Bergset som assistent. Har slått Gaular, Dale,Førde 2/3 og Norhordaland i treningskampane , mens det har blitt tap mot Sogndal 2 og Vik. Dukkar Thomas Frichsen opp i år? 39 åringen scora heile 19 mål på 18 kampar i fjor. Iflg statistikk frå 1999 til 2014 står han oppført med 56 gule kort og 7 raude. Imponerande. Sjur Gjeraker, Edin Agovic,Andre Valsvik, Joakim Måren blir dei som må dra laget opp til en sikker plass på tabellen. Høyang startar sesongen heime mot Sandane.