[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Flott dag for fotball!

Forfatter: Svein Kristiansen

11. mai 2016

Fotball
News article image

Sandane hadde mange aldersbestemte lag i aksjon onsdag kveld, både borte og heime. Dei fire laga vi har oversikt over skåra til saman 15 mål.

G11-laget til STIL leverte ein flott kamp og vann 6-3 over Stryn. 

J9-10 spela kamp på bortebane, mot Hornindal, og var ikkje snaue: dei vann 3-2 over honndølene. 

J13-14 spela ein utsett kamp mot Flatraket på kunstgrasbana, og vann 4-3. 

G15-16 tok i mot Florø til kamp på Idrettsplassen. Etter 1-4 til pause vart sluttresultatet 2-7 for vårt lovande gutelag. Det var eit knallsterkt gutelag frå Florø, og tapet var klart nok, men trenar Jan Ove Ødven hang ikkje med hovudet: -Dette er svært god læring for oss. Florø er ein god referanse for kva nivå vi skal opp på. Vi har eit flott gutelag med mange fine typar. Eg ser fin utvikling i laget. Vi blir trykt bakover av Florø og i periodar vart vi litt usikre i vårt eige spel. Men laget vårt spelar i 1. divisjon for å lære, og når vi blir litt vaksnare vil vi også kome nærare Florø og dei andre topplaga sitt nivå, seier Sandanetrenaren.