[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane -. Bremanger 5-0

Forfatter: Svein Kristiansen

20. mars 2016

Fotball
News article image

Fin fasong på Sandane.

Sandane - Bremanger 5-0 (4-0)

Treningskamp, Sandane Idrettspark

Dommar: Stein Otto Førde, Breimsbygda

1-0 Eirik Rauset

2-0 Jonas Løvland

3-0 Eirik Rauset

4-0 Jonas Løvland

5-0 Magnus N. Bolseth

Sandane: Simon Gimmestad (Arne Nybø Gangeskar frå 80. min), William Landøy, Arne Vilnes Øen, Martin Svarstad, Petja Cink, Sebastian Haugen (Tarjei B. Vereide frå 46. min), Gudmund Bjotveit, Eirik Rauset, Jonas Løvland (Espen Reed Lothe frå 80. min), Magnus Nikolai Bolseth (Ruben Nesdal frå 61. min), Thomas Dyrrdal.

Det var eit STIL-lag med langt betre fasong og spel vi fekk sjå i denne kampen. Med Martin Svarstad og Jonas Løvland med frå start er laget sjølvsagt styrka, og det var også flott å sjå Sebastian Haugen tilbake på Sandane. Eirik Rauset fekk sitt gjennombrot på A-laget i fjor, og årets mann på midtbana kan fort bli Gudmund Bjotveit, med god fotballforståing og fine involveringar. Dei sentrale midtbanefolka våre løper mykje gjennom kampen og det må til, skal STIL spele slik dei ønsker. Jonas Løvland er eit mareritt for einkvar motstandar og med endå meir kamptrening er han på plass slik vi hugsar han frå i fjor.

Simon Gimmestad leverte fleire hundreprosentredningar i denne kampen og skaper tryggleik i dei bakre rekker. Elles såg det ut som Arne Vilnes Øen absolutt også kan nyttast som midtstoppar. Innbyttarane klarte seg svært godt og det er heilt sikkert notert av trenarduoen vår.

Vi såg eit STIL-lag som var langt meir på i denne kampen, og det må vere resepten skal det bli poeng mot dei betre fjerdedivisjonslaga.

Neste treningskamp - mot Dale - vert spela i Førde førstkomande onsdag kl. 17.00. 

Laurdag 9. april kjem Førde 2 til Sandane, i det som blir siste treningskampen før seriestart. 

Les meir om Sandane - Bremanger HER (inkl filmglimt frå kampen!)