STIL svømmarane imponerte i Førdesprinten
Forfatter: Eva Linn Fossheim
06. juni 2022
STIL Svømmegruppa stilte opp med seks rekruttar på sitt første stevne
Med berre knappe 3 månadar med svømmetrening under beltet tok seks av rekruttsvømmarane våre turen til Førde Laurdag 4 Juni for å delta på sitt første stevne. Det var eit stort arrangement med 160 deltakarar frå 13 klubbar frå heile Vestland fylke. Her var det svømmarar i norgeseliten samt nybegynnerar, så spenninga var å ta og føle på. Rekruttane våre deltok på 25m øvelsen i Minisprinten der alle imponerte stort med personlege rekordar og flotte utførte løp. Alle rekruttdeltakarane fekk medalje i premie så det var kjempestas. Aidas, Eva Linn og Theo var med som lagledarar på dagen og vi er kjempestolte av alle sammen! Flott innsats av alle i den fine gjengen vår.
Avbilda frå venstre: Tuva Sande-Bostad, Eva Linn Fossheim (trenar) Gabriel Aa Berge, Emilie Lillegraven Tystad, Brage Oppheim Rønnekleiv, Aidas Marcinkus (trenar) Celina Skarstad Austrheim og Mathilde Rek Nedrebø.