[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jenny og Elena på Eliteturnering

Forfatter: Gro Pleym Iversen

15. oktober 2022

Fotball
News article image

Dei er samde om at dette var ei kjekk helg

NFF Sogn og Fjordane deltok med to lag på Eliteturneringen på Hamar 7.-9. oktober 2022 (første helga i haustferien).

Frå Sandane var Jenny Langeteig tatt ut til å vere med jenter 13 og Elena Sætren Holvik på jenter 14.

På spørsmål om korleis dei syns det var å vere med på denne turneringa, svarer Jenny at det var kjekt, og litt travelt. Vi møtte mange gode lag, med til dels store og raske spelarar. Men vi lærte mykje. Om kveldane var vi i lag, og hadde mykje moro saman.

Elena seier ho syns det var kjekt å møte kretslag frå andre delar av landet for å sjå nivået på min alder. Vi møtte mange gode lag, men spelte jamnt mot dei fleste; to seiarar og tre tap. Det var kjekt å bli endå bedre kjent med dei andre på laget. Vanlegvis møtast vi berre på treningane, men no fekk vi tid til å vere ilag utanom også.