Månadens Fair Play-spelar i STIL
Forfatter: Svein Kristiansen
02. juni 2021
I sesongen 2021 set vi ekstra fokus på Fair Play. Frist for å nominere Månadens Fair Play-spelar i STIL fotball er 16. juni.
Vi utfordrar no trenarar og lagsapparat (aldersbestemte lag frå G/J10 og oppover til og med A-lag) til å nominere spelarar som de meiner fortener ei slik merksemd.
Frist for å sende inn nominasjon til Månadens Fair Play-spelar i juni er:
onsdag 16. juni kl. 12.00
For å hjelpe dei som skal plukke ut månadens spelar, ønskjer vi at det i utgangspunktet blir sendt inn ein nominasjon pr treningsgruppe/lag. Vi ønskjer nominasjon på spelarar som bidreg til eit inkluderande felleskap, trivsel i laget og som har har eit spesielt blikk for laget sitt, td gjennom at dei:
- Bidreg til at andre blir inkludert i laget og treningsgruppa
- Bidreg til å gjere andre gode
- Ser dei andre på laget og bidreg til at dei føler seg ivaretatt
- Har ei positiv haldning til dommarar, trenarar og støtteapparat
- Viser respekt og omtanke for medspelarar , trenarar, lagsapparat, dommarar og motstandarar
- Kanskje har vist spesiell sportsånd i trening og kamp
Kåring av Månadens Fair Play skal sette fokus på dei gode enkelthendingane i fotballkvardagen – som gjer fotballbana til ein betre stad å vere for store og små.
Månadens Fair Play-spelar vert kåra i juni, august, september og oktober.
Kjenner du nokon som gjennom sin veremåte bidreg til lagånd og felleskap? Som bidreg til å gjere andre gode? Tips trenaren eller lagsapparatet!
Trenarar/lagleiarar: Send ditt lags nominasjon til leiaren i Fair Play-utvalet, Svein Kristiansen. (e-post: [email protected] )