Barneidretten startar denne veka
Forfatter: Torill Fjellestad
16. oktober 2016
Måndag og tysdag er det sesongopning for dei yngste i STIL når barneidretten har sine fyrste treningar.
STIL ynskjer alle velkomne til ein ny sesong - både dei som har vore med før og dei som vil vere med for fyrste gong! Vi har erfarne instruktørar som lagar gode opplegg for at alle skal vere mykje i aktivtet og oppleve meistring når dei er fysisk aktive.
Borna fødde i 2012 og 2013 (3-4 år) opnar trimåret måndag i gymsalen på Sandane skule kl. 17. Treninga varer i 45 min. Her er det ein fordel om borna har trimsokkar slik at dei ikkje sklir.
Tysdag er det 5- og 6-åringane sin tur. Dei har sine treningar i gamle Firdahallen frå kl. 17 til 18. I Firdahallen skal borna ha innsko med lys såle.
Oppe til høgre på sida ligg det link til informasjonsbrevet for sesongen 2016/2017. Ta gjerne kontakt med leiaren i barneidretten - sjå kontaktinfo i brevet.
Vel møtt!