[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Thriller i Sogn

Forfatter: Svein Kristiansen

09. september 2018

Fotball
News article image

Sandane gjorde det vanskeleg for seg sjølv då det som såg ut som ei sikker tomålsleiing vart snudd til 2-3 av Balestrand. Men to kjappe mål mot slutten av kampen sikra blåtrøyene tre poeng.

Sandane må vinne kampane sine i haust. og det såg veldig greitt ut då Jonas Denk og Filip Pleym Mardal ordna ei tomålsleiing for STIL. Balestrand reduserte imidlertid kjapt, og 1-2 var stillinga til pause. 

I andre omgang var Balestrand i støtet. Først utlikning og sidan 3-2 og dermed spøkte det for STIL. Då William Landøy vart felt fekk STIL straffe som Jonas Denk sette i mål. Kort tid etter vart William Landøy matchvinnar med skåring og 4-3 til Sandane i det som vart ein vanskeleg bortekamp. 

Referat frå kampen: Firda Live