[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sorg i Sandane Turn og Idrettslag

Forfatter: Svein Kristiansen

05. november 2017

Forside
News article image

Ingemund Sægrov døydde brått 31. oktober, og vi sit tilbake med sorg. Heile STIL har dratt nytte av Ingemund sitt verbale talent, og i fotballgruppa har han vore ein påle gjennom 35 år.

Custom image

Alle som høyrer dette forstår at Ingemund var ein mann som stilte seg til disposisjon og ikkje var redd for å ta eit tak for laget. Han hadde alltid eit overordna perspektiv på idrettslaget si verksemd. Han hadde ordet i si makt. Ingemund si stemme skil seg ut når vi hentar fram det han gjennom åra har skrive i STIL sine årsmeldingar, anten i eigenskap av leiar, styremedlem, ansvarleg for damelaget eller aldersbestemt fotball. Vi ser så tydeleg det som går igjen: han er påpasseleg og gjev alltid ros til alle som har bidratt gjennom sesongen, på alle nivå, og han etterlyser fleire hender: han uttrykker stadig håp om at det skal bli fleire som engasjerer seg i idrettslaget, både som leiarar og trenarar.

Ingemund engasjerte seg tidleg som dommar, og var krinsdommar i ei årrekke. I STIL var han dommarkontakt i mange år.

Ingemund var den første i STIL som gjennomførte leiarutdanning på høgt nivå i NFF-systemet. Han fekk tidleg verv i Fotballkretsen. Også der var det slik at Ingemund engasjerte seg breidt, i fleire komitear og ansvarsområde. Alt i 1991 mottok han den høgaste utmerkinga som kretsen gir sine tillitsvalde, gullmerket.

Ingemund skilde seg ut i Sandane Turn og Idrettslag. Det var noko med veremåten. Han hadde alltid ei historie på lager, han spreidde alltid godt humør. Han la ingen av sine eigne byrder over på andre, det tenker vi på i dag. Ingemund var ein miljøskapar, ein bidragsytar. Dei siste åra trur vi han var glad for å sjå at STIL gjorde seg meir og meir gjeldande under kretsting og fylkessamlingar og vi minnest gode samvær på hans heimearena i kretsen.

Korleis vil vi minnast Ingemund? Han er mannen som alltid var der, alltid sa ja, alltid brant for idretten. Han var den allsidige, som sat i styre, trena knøttar, lilleputtar, småjenter, smågutar, gutelag, damelag, var oppmann når det ikkje lukkast å skaffe nokon andre. Han var dommaren som alltid hadde ein liten kommentar på lur, han var den sjølvsagde speakeren, både i STIL og i andre samanhengar. Ingemund forsto idrettens vesen og verdiar. Det gjorde han allsidig og menneskekjær.

Slik vil vi minnast Ingemund.

Fred over Ingemund Sægrov sitt minne.

 

Les også: 

Sogn og Fjordane fotballkrets sitt minneord om Ingemund

Heimesida til STIL si omtale av Ingemund då han fylte 60 år i 2011