Eittmålstap for Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
01. oktober 2016
Sandane spelte ein god førsteomgang og det hadde ikkje vore noko å seie på om laget hadde hatt ei komfortabel leiing til pause. I andre omgang gjorde Vik det dei er aller best på og var klart betre enn heimelaget.
Sandane - Vik 2-3 (1-1)
Sandane Idrettspark
1-0 (5. min) Arne Morten Vilnes Øen
1-1 (45 min +) Steinar Wold
1-2 53. min (sjølvmål)
1-3 (87. min) Yngve Hove
2-3 (90. min) Anders Silden
Sandane spelte seg fint gjennom midtbana og skapte fleire store sjansar i første omgang. -Vi kunne hatt ei komfortabel leiing ved pause, seier trenar Øyvind Hervik, etter kampen. Han måtte i staden konstatere at Vik tok grep om andre omgang, medan Sandane sitt spel vart mindre og mindre planmessig. Anders Silden si redusering mot slutten skapte noko spenning, men STIL kom ikkje til noko avslutning. Dermed eittmålstap for Sandane.
Les meir i vår livedekning frå kampen.