[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

No kjem treningsavgifta

Forfatter: Gro Pleym Iversen

29. mai 2024

Fotball
News article image

KVA DEKKAR TRENINGSAVGIFTA?

Treningsavgifta dekker deltaking på trening og kamp, lån av drakt, dommarutgifter, utøvarforsikring, trenarutvikling, drift av fotballgruppa (inkl. utstyr og anlegg) samt påmeldingsavgift til serie og lagsavgift på turneringar.

Treningsavgift i STIL Fotball har forfall i perioden juni og blir sendt ut per e-post.

Prisar per 2024 finn du informasjon om på nettsida til Sandane Turn og Idrettslag, fotballgruppa stilfotball.no

Treningsavgifta blir fastsett av årsmøtet kvart år. Avgifta må vere betalt for at ein skal få delta i kampar.

Dersom du/barnet/ungdomen ikkje lenger deltek på fotballtreningar eller har spørsmål til faktura, så ber vi om at du gir melding om dette til [email protected].

 

STØTTE TIL DEKNING AV TRENINGSAVGIFT

Sandane fotball ønsker at alle skal kunne delta på treningar uavhengig av økonomisk situasjon. Vi tilbyr difor støtte til heil eller delvis dekning av treningsavgifta. Søknadsskjema finn du på fotballgruppa si heimeside.


MEDLEM I STIL?

Alle som deltar på STIL sine treningstilbod skal vere medlemmar i Sandane Turn og Idrettslag. Frå 2024 er medlemsavgifta kr. 200 både for aktive barn, ungdommar og vaksne. For Roselaget og for aktive i styre og/eller trener/støtteapparat er medlemsavgifta kr. 100. Støttemedlemskap er kr. 250. Medlemskontingenten vert fakturert i eigen faktura frå hovudlaget i perioden juni/august.

Innmelding skjer på heimesida til hovudlaget ev. ved at fotballgruppa vidaresender opplysningar til hovudlaget eller du kan sende ein e-post til [email protected]

MEDLEMSAPPEN SPOORTZ

Vi oppfordrar deg, både som utøvar og foresatt, til å leite opp medlemsappen spoortz, laste den ned og den i bruk. Appen heiter "Spoortz". Last ned appen og betal treningsavgifta med kort/vipps. Enkel innlogging med ditt mobilnummer og tilsendt sms.

Custom image