Sandane møter topplaget
Forfatter: Svein Kristiansen
16. september 2015
Det suverene topplaget i 4. divisjon, Fjøra, har i fleire år sikta seg inn mot opprykk. 2015-sesongen blir året dei klarer nettopp det. Fredag tar Fjøra imot Sandane på Fosshaugane Campus.
Sandane på sitt beste spelar jamt med alle lag i divisjonen. Sjølv om Fjøra er sjølvskriven favoritt i kampen, må STIL ha som mål å gje sogningane ein knallhard kamp om poenga.
Det er i skrivande stund uklart kva mannskap trenar Hervik har til disposisjon, men vi håpar og trur det blir ei så sterk utgåve av STIL som mogeleg. I førre kamp leika Sandane seg til siger over Tambarskjelvar, noko som forhåpentleg gir kveik også inn mot fredagens kamp.
STIL har hatt eit sterkt nakkegrep på Fjøra i ganske mange sesongar, og har knipe poeng både heime og på Fosshaugane. I 2015 vart det eit solid tap på bortebane, og i vårkampen i år var det klasseskilnad på laga. Fjøra vann fortent 4-0 i den kampen. Sandane har løfta seg mykje spelemessig frå den gong, og vi reknar med at våre menn sel seg dyrt i Sogndal.